Smør kan opplevast som feitt, rennande og usunt, men og luftig og kilande i ganen. Alt som skal til er litt pisking med handfast omsorg. Vender du inn litt ferske urter, sitronskal og -saft og kanskje nokre saltkorn, har du ordna det mange restaurantar startar serveringa med.
Kategoriarkiv: Okse
Svar
Supersøndag med Biff Stroganoff
Heime på kjøkkenet til mor mi og far min var det alltid ei ladning med tørrpulverposer frå ein viss suppeprodusent i ei skuff ved komfyren. På det viset blei vi kjent med rettar frå fjerne og mindre fjerne verdshjørne, dessverre i ein svakare utgåve enn originalen. Biff Stroganoff er aller best lagd frå botnen av.
Wienerpølser slik ein proff produserer dei
Pyttsan, vi kan alltids lage pytt i panne
Draumen om rosa roastbiff
Kjærleiken til chili con carne
Saken er hestebiff
Billig beef jerky
Lammekjøttbollar frå ein bakgård i Marrakech
Eg har vakse opp i Fåreland. Overalt fantes det lam og sau i oppveksten. Men av ein eller annan merkeleg grunn kan eg ikkje minnast å ha fått servert rettar basert på lammekjøtdeig ein einaste gong. Derfor søker eg til sørlegare breiddegrader for inspirasjon, og kjenner framleis dufta frå dei marokkanske lammekjøtbollane eg ein gong fekk servert frå ein rykande varme tagine.