Like sikkert som hausten og vinteren kjem, blir halsen sår, hovudet tungt og nasa tett. Sjølv om ei tomatsuppe med litt trøkk i slett ikkje har lekande effekt på forkjølinga, er den perfekt mat for den med lita matlyst.
Kategoriarkiv: Oppskrifter
Bjarnes sprø superribbe
Duebryst på grønnsaksseng
Alle jegerar med hagle snakkar om rypejakta med andakt i stemma. Men den ettertrakta fjellfuglen kostar ofte meir enn den smakar. Ringdua er langt meir tilgjengeleg, rimeleg og kanskje vel så god som fjell- og lirypa. Og så startar sesongen mens du framleis kan gå t-skjorte, og servere lettsteikte ringduebryst på ei seng av bakte rotgrønsaker.
Vårt daglege, gamle brød – og sprø krutongar
Pasta alla carbonara med speka svinekjake
Råmarinert sommar-makrell
Saltvatnet under båten koker av makrell. Vi rekk knapt senke snøret før det bit på dei fem krokane. Utruleg nok hankar vi opp seks sølvblanke, sprellande fisk. Kokken eg har med i båten fortel at han har med «soppsoya» i gåve. Vi bestemmer oss der og då for at det blir råmarinert makrellfiletar av deler av fangsten.
Skagentoast på fine sommardagar
Piadina – flatbrød på italiensk
Dei fleste kulturar har sin variant av flatbrødet, som regel ei enkel blanding av mjøl og væske, steikt på ei varm flate – slik mennesket har gjort i tusenvis av år. Men du kan fylle «flatbrød» som den italienske piadinaen med smakfull spekeskinke, mozarella, ruccola-salat og godsaker du normalt finn på slektningen pizza.





