Rabarbrasuppe for sol eller regn

Rabarbrasuppe med asiatisk vri-hjemmelagd vaniljeis_600Vi som av ein eller annan grunn er plassert her langt mot nord, har i utgangspunktet lite eksotiske vekstar å glede oss over. I alle fall var far min og min eigen barndom til dels fargelaus på det punktet. Eit av dei få unntaka var rabarbraen, som veks vilt og uhemma under dei rette forholda langs kysten. Rabarbrasuppa er genial, fordi den er like god kald som varm.

Les meir

Syrleg fiskesuppe med selskap frå setra

Syrlig fiskesuppe med smørflyndreDen ferdiglagde maten rundt oss gjev oss få og små utfordringar for smaksløkane. Sødmen er ofte matvareindustrien sin valde middelveg, og gjer at vi heilt frå barndommen av til dels mister føling med heile vårt flotte smaksregister. Denne syrlege fiskesuppa – med eit nesten usunt følgje av smør og kremfløyte frå setra – er ei handsrekning til den som vi la seg utfordre.

Les meir