Den halvgamle mannen og mojitoen

How to make mojito-oppskrift mojito_1000Eg kan ikkje skryte av så mykje i livet. Men den første gongen eg lett nervøs serverte ein heimelagd mojito til ein kubansk skodespelar – som faktisk har festa ilag med Hemingway – gjekk det overraskande bra. Kanskje var han berre høfleg, men han bad om meir…

Kubanaren er rett og slett far til bestekameraten min. Han sto på dei kjende teaterscenene og var med i nokre av dei beste filmane frå Cuba på 60-, 70- og 80-talet. Ernest Hemingway var for lengst etablert som ein turistmagnet alle stader han drog til rundt om i verda. Men den amerikanske forfattaren hadde eit spesielt auge til den største øystaten i Karibia – som han kalla heimen sin.

Nær sagt kvar einaste eldre bar eller restaurant langs reiseruta til den verdskjende forfattaren skryt av at «Hemingway was here». Det er til og med dei som prøver seg med ein frekkas, og heng opp skilt med «Hemingway was not here»…

Men tilbake til Cuba. I Havanna ligg to av verdas mest berømte barar. La Bodequita del Medio er ikkje stort meir eit hol i veggen i gamlebyen i Havanna, men vi liker slike hol i veggen på Far min sitt kjøkken. Visstnok skal Hemingway ha sagt at han alltid inntok «Mi mojito en la Bodeguita… y mi daiquirí en el Floridita». Floridita er ein langt meir stilrein bar i same by, med inngang på hjørnet om inskripsjonen «Daiquirí si vugge» bak bardisken. I tillegg har baren Slopy Joe’s, opna igjen – ein annan av favorittbarane til Hemingway.

Sjølv har eg aldri vore i tvil, ein godt laga mojito er verdas beste drink. Eg har riktig nok ikkje smakt alle, men mange… Bestekameraten min kom inn i livet mitt mens eg framleis var tenåring, og kom rekande hit til landet på eit avgjerande tidspunkt i begge sine liv.

På gode kveldar her oppe mot polarsirkelen kunne vi spasere ut i hagen, røske med oss nokre ferske mynteplantar, blande brunt sukker og lime, og bevise at drinken frå verdas kanskje mest berømte øy kan lagast også i eit land meir kjend for snø enn sukker. Over drinken delte vi tankar om liva våre, brutalt ulike, men likevel ikkje utan fellestrekk.

I dag er vi halvgamle begge to, men ein mojito får oss alltid til å kjenne oss yngre, eller i beste fall litt klokare. Sjølv om vi er usikre om det faktisk er sant…

Det blir hevda at mojitoen har sitt opphav i drinken «El Draque», frå slutten av 1500-talet, kalla opp etter den kjende, engelske admiralen Sir Francis Drake. Men kubanarane ute på landsbygda og i byane har for lengt gjort drinken til sin eigen, ettersom råvarene finns der kubarane går gjennom liva sine.

Opphaveleg brukte dei kubanske bartenderane heilt isbitar i mojitoen. I dag er det og vanleg å bruke knust is, slik at dei knuste isbitane nærast fungerer som eit filter for mynteblada som flyt rundt i glaset. Men heil is duger fint.

Det eg liker godt med mojitoen er at den er folkeleg på Cuba. Hierba buena eller yerba buena, eit slags samlenamn på ulike mynteplanter, veks over alt. Rom og heimebrent lagd på sukker har tradisjonelt vore å få fatt på – akkurat slik heimebrenten har vore ein del av liva til folk her til lands (enten politiet likte det eller ikkje). Lime veks også rundt om på Cuba.

Dei siste 10-15 åra har mojitoen blitt vanlegare enn Fjellbekk og Tom Collins, drinkslagerane frå min oppvekst. Men den treng altså ferske, gode råvarer. Rekorden min er å plukke ferske mynter i hagen på bursdagen min, som er så seint som 14. november. Men ingen ting slår ein mojito når året er på sitt varmaste, aller helst delt med ein god venn eller ei god venninne.

Slik lagar du ein ekte mojito

(nok til fire drinkar)

  • Fire modne og saftige lime
  • 6-8 store skeier brunt sukker
  • Fire nevar med ferske mynteblad
  • Kvit eller lysebrun rom, aller helst Havana Club (4-6 cl. til kvar drink)
  • Masse isbitar
  • Ei flaske med (Indian) Tonic Water

I butikken bør du gå etter limen med minst irrgrønn farge. Klem på den og kjenn at den er mjuk. Dei hardaste limane kan du mjuke på kjøkkenet. Legg limen på kjøkkenbenken. Press hardt på den mens du ruller den under handflata. Pressinga frigjer saftene i limen.

Eg pleier å berekne ei stor skei brunt, uraffinert sukker per lime, og ein lime per drink.

Ha sukkeret i eit halvlitermål (eller likande) med helletut. Press oppi limen og rør til sukkeret er løyst opp i limen. Ta vare på halvparten av dei pressa limane. Smak til blandinga. Den skal vere syrleg med sødme i botnen. Ha i litt meir sukker om det trengs, eller litt lime om blandinga manglar spenst.

Plukk av om lag 15-20 middels store/stor mynteblad  til kvar drink, og ha dei i botnen av glasa. Del dei halve limerestane i to, og ha i to delar vi kvart glas.

Ha i to, tre store skeier av lime- og sukkerblandinga i kvart glas.

Bruk baksida av ei tresleiv eller noko med butt ende til å presse blandinga i glasa godt saman. Poenget her er å kryste mynteblada for å frigjere dei eteriske oljene i blada frå mynteplanten.

Fyll på med is, ha i rom og fyll deretter opp med Indian Tonic Water.

Mine gjester blir servert mojitoen med ein rørepinne i metall som og fungerer som sugerør.

Er du lur, lagar du opp ekstra med lime- og sukkerblanding, for gjestane dine har ein tendens til å be om meir når dei først har fått smaken på mojito!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.