Duebryst på grønnsaksseng

Alle jegerar med hagle snakkar om rypejakta med andakt i stemma. Men den ettertrakta fjellfuglen kostar ofte meir enn den smakar. Ringdua er langt meir tilgjengeleg, rimeleg og kanskje vel så god som fjell- og lirypa. Og så startar sesongen mens du framleis kan gå  t-skjorte, og servere lettsteikte ringduebryst på ei seng av bakte rotgrønsaker.

Underteikna er ein relativt fersk jeger i Austlandsområdet. Her er det tett med kvinnelege og mannlege jegerar som meir enn gjerne betaler dyr for alle former for jakt. Ikkje alle artar er like talrike. Men ringdua (ein av tre due-arter her til lands) som finns i stort monn. Og den er ikkje like populær hos bøndene, som ofte mister mykje avling grunna appetitten til ringduene.

Likevel gjekk fellingstala ned frå 52.530 i 2009 til 32.420 i 2019. Svara på det er nok mange. Men ei forklaring er nok at det ikkje berre er å sette seg ut og jakte på ein åker. Du treng løyve frå grunneigar – det vil i dei fleste tilfella seie bonden.

Sjølv om jaktsesongen varer heilt frå 21. august til 23. desember, er den i realiteten på hell mot slutten av september. Sjansen er størst om bonden akkurat har slått på åkeren, og eller best om han tilfeldigvis produserer erter.

Kona mi og eg reiste ut på ettermiddagen i nydeleg augustsol til nordre del av Vestfold. Her kjenner vi ein raus bonde som meir enn gjerne ville la oss prøve, sjølv om han ikkje kunne lokke med store mengder ringduer.

Faktisk skapte kyrne og kalvane hans ein del komikk ved å “angripe” lokkeduene vi hadde sett opp nokre meter frå skjulet vårt i skogkanten. Men heldigvis trakk dei vekk, heilt i andre enden av jordet, og langt unna skotlinja.

Så der satt vi i solsteiken, musestille og heilt i ro, mens ringduene slo seg ned i tretoppane over oss. Ein og annan fugl flaug inn frå andre deler av det store jordet. Men ikkje ei lot seg freiste til å sette seg ned blant lokkeduene, som var plassert i formasjon mot vinden, slik ein skal.

Tida gjekk, sveitten rant og rumpa verka. Etter eit par timer la vi ein slagplan, frua tok med seg bikkja bak den skogkledde “øya” vi satt på på jordet, mens eg blei igjen i skogkanten. Planen var å støkke fuglane fram mot jordkanten. Og det virka! Plutseleg baksa det i vengene på to ringduer. Den ein kom baksande på mi høgre side, og fall, den andre tok til venstre for meg og ned jordet. Skotet satt for lågt, men labradoren vår fekk apportere sin første fugl frå eiga jakt. Stor jubel blant oss to-beinte.

Så, kva gjer ein med ei einsleg ringdue – til og med ein ungfugl – når ein eigentleg hadde håpa på ein liten middag for tre? Ei ringdue har om lag 100-120 gram kjøtt. Fordelt på to bryst og like mange lår. Men det er brysta vi er mest interessert i. I denne videoen til jeger og jaktformidlar Kristoffer Clausen ser du kor enkelt du kan flå og skjere ut filetane med duebryst.

Heime i kjøkkenhagen finn vi fram eigenodla gulbeter, polkabeter og rødbeter, samt litt salat. I kjøkkenskapet finn vi nokre never med valnøtter, ein god balsamico-dressing, og olivenolje. I kjøleskapet har vi spart litt av ein vellagra parmesan-ostebit.

Betane blir pensla med litt olivenolje, pakka inn i aluminiumsfolie og bakt i steikeomnen. Mens vi ordnar til dei andre ingrediensane, opnar vi brystet på ringdua med hendene, og skjerer forsiktig ut dei to brysta. Eit halvt minutt på kvar side i steikepanna er nok. Tynne skiver av ringeduebryst blir lagt ut over salt, bakte grønsaker og

Ringdua er på storleik med en lirype og er utmerket mat, smaken er en mellomting av kylling og rype. Fuglen behøver ikke henge lenge; et døgn eller to ved normal august-temperatur er tilstrekkelig.

Kjøttdelen er i hovedsak de to brystmusklene på begge sider av brystbeinet, som du enkelt skjærer ut med en flat kniv. Det enkleste er å foreta flåingen under rennende vann, da unngår du fjær over hele kjøkkenet.

Kjøttet fra en fugl tilsvarer omtrent 100 gram reint kjøtt, tilstrekkelig til en person. Sopp, asparges, tynne gulrøtter og fløtekokte skivede poteter er utmerket tilbehør. En rød italiensk Barbera med en litt syrlig snert topper måltidet.

Oppskrift på duebryst-salat med bakte rotgrønnsaker

  • Fire duebryst (brysta på ungduer veg om lag 65 gram, noko meir på vaksne duer)
  • Ei stor skei olivenolje
  • Ein kvitløksbåt
  • Ei grein med fersk rosmarin
  • Om lag 100 gram felt-salat eller annan god salat
  • Eit syrleg eple
  • Ein middels stor gulbete, rødbete og polkabete
  • 100 gram valnøttkjerner
  • Parmesan-ost

Dressing:

  • 1 stor skei balsamico-eddik eller bringebær-eddik
  • To store skeier god olivenolje

Sett steikeomnen på 200 grader. Vask gulbete, polkabete og rødbete, tørk av med kjøkkenpapir. Gni dei inn med litt olje, dryss over salt og pakk kvar bete inn i litt aluminiumsfolie. Bak betene i steikeomnen i om lag 40 minutt, eller til dei er møre. Rødbetene treng normalt litt lengre tid enn andre beter.

Vask og tørk av salaten. Fordel den på eit stort fat.

Vask eplet, tørk godt av det, fjern kjernen og del det i ein halv centimeter tjukke skiver. For at epleskivene ikkje skal bli brune og stygge, kan du legge dei i litt kaldt vatn med ferskpressa sitronsaft i.

Ta gulbete, polekabete og rødbete ut av steikeomnen når dei er ferdigbakt. Lag eit snitt i betane, og dra av «skinnet». Del betane over midten, deretter i ein halv centimeter tjukke halvmånar.

Finn fram ei steikepanne. Sett den på middels høg varme.

Plukk av ein grein rosmarin frå ein rosmarinplante. Plukk ut ein kvitløkbåt frå eit fedd, og knus den med skalet på med handflate ned mot kjøkkenbenken.

Når panna er varm, har du i olje. Når oljen er varm, har du i kvitløk og rosmarin.

Legg duebryst-filetane med «skinnsida» ned. Press gjerne filetane ned mot overflata av steikepanna, slik at dei får fin steikeskorpe. Snu filetane etter tre minutt. Steik dei like lenge på andre sida, og legg dei over på ein kald tallerken. La brysta kvile eit kvarter før du skjærer filetane i tynne skiver.

Fordel skivene med eple, gulbete, polkabete og rødbete på fatet. Dryss over valnøtter (som du gjerne kan knuse lett med handflatene på skjerefjøla), og fordel til slutt tynne skiver med duebryst.

Ha eddik og olivenolje i eit glas med lokk, og rist godt, før du fordeler dressingen over salaten.

Ha over nokre flak med parmesan-ost, og set fram fatet til gjestane.

(Visited 72 times, 2 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.