Far min sitt kjøkken hadde aldri sett dagens lys utan far min – og andre fedrar og mødrer som har samla opp og delt kunnskap om konservering av mat. No har far min gått ut av tida. Vi som er igjen får ta arbeidet med å føre tradisjonane vidare.
Eg ser på det som eit privilegium å vere så gamal at eg har hatt ein far som levde opp i fattigdom, men som fekk med seg velstanden etter andre verdskrig. Pappa sørga for at vi aldri gløymde kor vi kom få.
Ein eller annan stad på vegen på 1900-talet forsvann veldig mykje av kunnskapen om å konservere mat ut døra, medan fryseboks og kjøleskap blei bore inn dørene.
Far min vaks opp i ei grend i øyriket Bremanger, fødd i 1929 i ei lita stove der oldemor sette 15 born til verda. Fiskarliv, kombinert med litt gardsdrift, haldt den verste svolten frå døra.
Men i mellomkrigstida kunne bestefar ta med seg kone og fire ungar inn fjorden til Svelgen, ei lita grend med enorme vassressursar i vatn og vassdrag rundt seg. Her kunne ingeniørane og nybrottsmennene skape industri og velstand. Men industriarbeidarlivet var også hardt, og dårleg betalt.
Før far min var vaksen etter dagens mål, hadde han opplevd fem år med krig, naud, bombing og traumatiske opplevingar. Han var augevitne til britiske fly som bomba tyske skip nokre hundre meter unna i hamna i Svelgen. Kjølvatnet til robåten til bestefar og far blei pepra med tyske kuler då dei forsøkte å ro ut på fjorden for å fiske seg ein middag eller to.
I 1945 var barndommen over for godt. Då hadde han allereie spydd seg gjennom tre månader på fiske i Bremanger for å betale konfirmasjonsdressen med tre-knappar i. 16 år gammal blei han smedlærling på smelteverket. Seinare blei han verktøy-mekanikar, sveisar og mykje meir, med snekring og matstell som viktigaste «hobbyar».
Far min kunne ikkje seie akkurat når han fekk opp interessa for å salte, speke og røyke fisk og kjøt. Bestefar var neppe læremeisteren. Han var mest opptatt av å fange fisken.
Pappa plukka i staden opp tips og råd av å sjå sambygdingar stelle til råvarene, og foredle dei. Eg trur motivasjonen både var å lage god mat, men også å sikre at han var sjølvberga om tidene skulle bli dårlege igjen.
Opptrappinga av krigen i Ukraina var i gang då hjartet blei dårlegare, og han til slutt ikkje klarte meir i februar 2022. Familien er glade han slapp å oppleve enno ein krig på relativt nært hald.
Paradoksalt nok viser denne krigen at kunnskap om konservering og stell av mat er livsviktig kunnskap. Ukraina har vore verdas matkammer, fjordane der far min vaks opp staden der vi henta opp fisk og føde til både oss sjølve og folk på fleire kontinent.
Derfor skal Far min sitt kjøkken leve vidare, men mi eiga helse gjer at det blir meir sporadiske nye innlegg. All kunnskapen som allereie er delt på desse sidene blir liggande.
PS: Stor takk til svoger Odd Harald Halse for å ha fanga far min i sitt rette element, bak årene i den tredje og siste trebåten han lagde med eigne hender, i Holmane i Sunnfjord, der han fiska og fiksa på hytte og naust til det siste.
Kondolerer❤
Kondolerer🌹
Jeg har hatt stor glede og har brukt veldig mange av fremgangsmåtene på siden. Takk for at du deler viktig matkunnskap videre.
Kondolerer!
Kondolerer. ❤️
Har satt til livs de siste restene av fenalåret mitt i kveld. Takket være deg og far din. 😊
Kondolerer.
Var et googlesøk som rent tilfeldig brakte meg til sidene til deg og far din og som tente min interesse for røyking for 8-9 år siden.