Gode matbøker

Tusenvis av matbøker ser dagens lys rundt om i verda kvart år. Langt over hundre kjem ut på norsk. Langt frå alle fortener ein plass i hylla over kjøkkenbenken. Men her er nokre som du bør vite om.

Anna Bergenström (fødd 1940) er ei legende som matskribent i Sverige, deriblant som mangeårig spaltist i Dagens Nyheter. «God mat» (Gyldendal) er ei samling av meir enn 850 oppskrifter, ei solid og lettfatteleg grunnbok med «kokketips» kokkar ofte ikkje deler utan at du spør, kunnskap opparbeidd gjennom eit langt liv på kjøkkenet.

 

 

Astri Riddervold (fødd 1925) er truleg den som har gjort mest for å samle inn og dokumentere mattradisjonane her til lands. Magistergradsavhandlinga hennar i etnologi er blei bearbeida og gjort til bok i 1993. «Konservering av mat» er ei svært solid grunnbok for alle som ikkje berre vil salte, speke, røyke, men også vite alt om dei biologiske og kjemiske prosessane som gjer at maten blir god – eller dårleg. Du må muligens ty til eit antikvariat eller ein brukthandel for å finne eit eksemplar.

 

Ole Martin Alfsen og Tom Victor Gausdal er begge kjent frå det
moderne fjernsynskjøkken (”4-stjerners middag, Master Chef etc.), og dei muntre herrar har talrike bokutgjevingar bak seg. I ”Familiekokeboka” (Forlaget Press, 2009)  har duoen samla meir enn 800 oppskrifter og enkle forklaringar på grunnleggande teknikkar av kvardagsmat – og festmat. Dersom du lurer på kva du skal bruke råvarene i frysaren og kjøleskapet til, finn du svar her.

 

Maria Thommessen (1958-2006) var mellom anna ernæringsfysiolog og forfattar. På eit tidspunkt då det fantes svært få bøker om det å fylle tarmar med smakstilsett farse, dukka ho opp med ”Pølser fra mitt kjøkken” (Cappelen Damm, 2004). Dette er ein grundig gjennomgang av pølseproduksjon i eit historisk og praktisk perspektiv, med eit solid glimt i auget. Underteikna er representert med ei oppskrift på kyllingpølse.

 

Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal står bak ein av dei største kokeboksuksessane her til lands, med oppskrifter og historier frå Vestlandet. I boka ”Fjordamat” (Selja forlag) frå 2008 har dei samla det beste frå ”Fjordamat – kokeboka frå Sogn og Fjordane” og ”Alle tiders Fjordamat – til høgtider og merkedagar”. Her finn du 340 gjennomprøvde oppskrifter samla inn av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag, dokumentasjon av ein matkultur som er relevant for store delar av landet vårt, ikkje berre fylket boka har opphav i.

 

Amerikanske Aliza Green er journalist, skribent og ikkje minst kokk. «The Fishmonger’s Apprentice», eller «Fiskehandlaren sin lærling», er ei skikkeleg nerdebok for oss som er opptatt av korleis fisk og sjømat skal handterast på best mulig måte etter at fangsten er landa. Fiskeslaga i farvatna rundt om i verda har stort sett same anatomi, men likevel er det forskjellar som gjer at fangsten skal sløyast, fileterast og skjærast ut på ulike sett. Denne boka inneheld om lag 200 måtar å bearbeide fisken på, og har i tillegg instruksjonsvideo med på kjøpet!

 

 

2 thoughts on “Gode matbøker

  1. Hei, jeg har kontaktet forlaget til Astri Riddervold og spurt om de kan vurdere å gi den ut på nytt. De skulle ta den fram og se på det :).

    • Flott, Anne! Det burde dei absolutt gjere. Syns å huske at forlaget som ga dne ut i si tid er kjøpt opp, men uansett går det ei bølgje av spekemat-interesse over landet, så tida er absolutt moden for det, ja. Godt initiativ! Eg kom over den på eit Mammut-sal for nokre år sidan, og kjøpte tre eksemplar. Har og funne via antikvariata sin felles nettstad.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.