Heime på Vestlandet ville eg heller være indianar enn cowboy når vi leikte i skogen som små. Og det var før eg oppdaga at aztekarane i dagens Mexico fann opp det vi kjenner som guacamole. Ei salig røre som dessverre matindustrien produserer med råvarer som har lite med originalen å gjere.
Folket i det som er Mexico i dag har visstnok kultivert avokado i 10.000 år. Med tida kom kolonimaktene frå Europa til Sentral-Amerika, og i førre hundreår blei tex-mex eit omgrep og ei matbølgje både i USA og vår del av verda. Men det er sjeldan du får servert verkeleg god guacamole her heime. Namnet kjem frå aztekaranes namn «āhuacamolli», som betyr noko slikt som «avokadosaus».
Det største overgrepet mot guacamolen er det taco-produsentane som har stått for. Den svenske matskribenten Mats-Eric Nilsson skriv om korleis «guacamole» på boks i mange tilfelle er fylt til randen med erter – og minimalt med avokado. Ja, du leste rett! Erter… Ein nederlandsk kollega fortalte meg at han og familien returnerte røra i butikken og sa at slikt lureri fann dei seg ikkje i. Det er usikkert om meldinga nådde direktørane i dei multinasjonale selskapa.
Det er ikkje uforståeleg at det blir juksa med guacamolen. Avokado er nemleg svært ettertrakta på verdsmarknaden, og prisane deretter.
For mange år sidan vandra eg over frå USA til Mexico på gangbrua som skil dei to landa i tjukkaste Texas. Inne i vrimmelen av folk, fargar og lukter i Nuevo Laredo fann Ingvald og eg oss ein restaurant. Der åt eg quesadilla – tortilla-lefser fylt med kylling og ost – med ein svært god guacamole til. Dette var noko anna enn pulverblandinga vi fekk fatt på heime, som blei rørt ut i rømme.
Dessverre (for oss nordmenn) er avokadoen du får fatt på i Latin-Amerika og eksempelvis USA av ein heilt anna kvalitet enn den du får i butikk her til lands. Eksportvara er hausta lenge før den er moden, og mange av leveransane kjem visst frå eit modningslager på kontinentet.
Eg har opplevd tallause gonger å finne ein overmoden og brun avokado og ein grøn og knallhard i same to-pakningen. Derfor kjøper eg alltid inn litt ekstra, sjølv om det merkast i lommeboka.
Men ein perfekt avokado hausta på det kontinentet den er dyrka kan etast med skei og ei skvis limesaft. Ein himmelsk kombinasjon som du etter beste evne kan etterlikne ved å bruke oppskrifta under.
Har du forresten prøvd sild med guacamole? Ein av dei beste tex mex-rettane eg har smakt fekk eg i Madrid med denne nordisk-latinske kombinasjonen. God guacamole passar nemleg fint inn i vårt nordiske kjøkken.
Oppskrift på guacamole
- Tre middels store avokado (eller to store)
- Safta frå ein halv til ein lime
- Ein middels stor og søt tomat
- Ein halv (rød) løk
- Eventuelt ein halv til ein chili
- Ein neve fersk koriander
- Salt og peppar
Fjern skalet frå løken og hakk den rimeleg fint.
Del tomaten i fire båtar, og fjern «innmaten». Hakk tomaten i terningar.
Dersom du vil ha litt styrke i guacamolen, fjernar du stil og frø, og hakkar chilien i terningar.
Ha chili, koriander, løk og tomat i morteren. Dryss over litt flaksalt (eller anna salt som er litt grovare i konsistensen. Slikt salt vil hjelpe til med å «rive» ingrediensane i sunder).
Knus ingrediensane i morteren til du får ei knust masse, og du kjenner det med nasa at dei eteriske oljene i råvarene har slept laus.
Finn fram ei vid skål. Del avokadoane på langs. Grav ut innmaten i avokadoane med ei stor skei og ha den ned i skåla. Press over ferskpressa limesaft, slik at avokadoen blir minst mulig brun når den kjem i kontakt med lufta.
Bruk ein gaffel til å mose avokadoane med.
Ha deretter avokadoen over i morteren. Mos røra (men forsiktig, så den ikkje forsvinn over kanten). Det er fint om den har litt klumer av avokado og tomat. Smak til med salt og eventuelt litt peppar.
Dersom avokadoen er litt smaklaus, pleier eg å ha i litt brunt sukker saman med chili, koriander, løk og tomat i starten.
Dersom du ikkje skal ete guacamolen med ein gong, puttar du ein av avokadosteinane i røra, dekker den med plastfolie og setter den kaldt til du skal ete den.