Gubberøre på knekkebrød

Tenk deg ein sommardag fri for skyer på himmelen, varm bris og nokre myggstikk på leggen. Eit sildebord utan ende i den svenske skjergarden. Med gubberøre med spekesild og andre slike rettar, kan du drøyme deg vekk når som helst.

Far min og familien min kara seg gjennom krigen – i stor grad takka vere sild og potet. Spekesilda er far min sitt glansnummer. Ei fiskeauk på hytta er aldri meir perfekt enn når garnet står stint av «havets sølv».

Gutungen min har for lengst skjønt at silda framleis betyr mykje for far min. «Nå blir bestefar glad! 86 sild i garnet».

Spekesilda er kanskje ikkje en sikker vinner for alle i familien, men fleire her heime har fått augene opp igjen for silda. Ikkje berre er den proppfull av sunne omega 3-feittsyrer. Den smakar og veldig godt i lag med dei rett råvarene. Her er svenskane heilt overlegne.

Oppskrifta på «gubbröra» er pur inspirasjon frå turen vår til Fiskebäckskil på den svenske vestkysten, ein sommardraum av ei kystbygd der det heilt sikkert har vore hardare å vere innbyggjar – og fiskar – enn det er å vere turist. Sildebuffeten på Brygghuset restaurant var ei overrasking av dei sjeldne.

Oppskrift på «gubbröra»

  • Ca 200 gram spekesildefilet (2-3 stykke)
  • Om lag 400 gram poteter (4-5 middels store)
  • Ein rød løk
  • Ein stor neve dill
  • 0,5 desiliter grasløk
  • To store kokte egg
  • Tre store skeier kapers
  • 1,5 desiliter majones
  • 1,5 desiliter creme fraiche
  • Litt salt og peppar

Start med å vatne ut spekesilda nokre timar. Hell av det salte vatnet, og finhakk silda.

Kok egga til dei er hardkokte, det tar ti minutt. Hell av vatnet og la dei kjøle seg ned. Hakk egga i små bitar.

Kok potetene i lettsalta vatn til dei er nesten heilt møre. Fjern skalet og hakk dei i om lag ein centimeter store terningar.

Fjern skalet på løken, og finhakk den, før du har den i bollen.

Bland i hop majones og crème fraiche i ein bolle. Hakk dill og grasløk, og ha bollen, i lag med finhakka egg, potet, sild og rød løk.

Smak på blandinga. Smak til med meir salt og peppar, dersom det trengs. Sett fram gubberøra i lag med knekkebrød og la gjestane forsyne seg.

 

(Visited 601 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.