Himmelsk fløyte- og yoghurtpudding med jordbærsaus

Av og til dukkar det opp oppskrifter du veit du aldri vil skilje deg av meg. Eit utgangspunkt for tallause kombinasjonar. Enten du kallar denne desserten fløyte- og yoghurtpudding med jordbærsaus eller ein slags panna cotta med jordbærcoulis, smakar den like himmelsk.

Far min er ein hund etter dessertar. I mitt minne, som heilt sikkert speler meg eit puss, hadde vi nesten alltid eit eller anna søtt nesten kvar dag etter hovudretten. Ingenting fancy, kanskje frukt på boks eller ein kompott.

Man maken til den yoghurtbaserte fløytepuddingen eg fekk smake ein dag på Gastronomisk institutt i Oslo for nokre år sidan har aldri tangert smakslaukane mine. Den gong var fleire av kokkane i gang med trening til NM. Ein variant av denne desserten, smakssett med ferske laurbærblad, var med i menyen som vann bronse. Det var fleire enn meg som let seg blende. Eksakt kven som eigentleg var opphavet til denne yoghurtfriske varianten av ein tradisjonell, italiensk fløytepudding – eller panna cotta – er eg ikkje sikker på. Men det kan ha vore Ole Martin Alfsen, kjend frå ei rekke matprogram på TVNorge.

Du kan sjølv lage dine eigne variantar. Ferske laurbærblad er mangelvare her til lands. Tørka smakar berre vondt i ein slik samanheng. Men du kan gjerne ha i nokre stilker og blad med mynte mens du koker opp fløyte, mjølk og sukker under dei første stega av vegen mot denne desserten.

Eller erstatte litt av fløyta og yoghurten med sjokolade og ferskpressa appelsinjus, og pynte med reinskorne appelsinbåtar. Eller lage ein juleinspirert variant med kanel, stjerneanis og krydder som høyrer den delen av året til.

Himmelsk blir det nok uansett…

Desse ingrediensane er nok til minst til seks personar. Venter du fleire gjester, er det berre å gange opp oppskrifta:

  • 5 dl yoghurt naturell, helst Biola Pluss Mild Yoghurt (du kan bruke anna naturell yoghurt, men denne er mild og rund på smaken)
  • 2,5 dl kremfløyte
  • 1 dl heilmjølk
  • 1 ½ dl sukker
  • 1 vaniljestang
  • 3-4 gelatinplater
  • Nokre bær og eventuelt litt mynte til pynt

Legg gelatinplatene i kaldt vatn i minst fem minutt.

Del vaniljestanga i to på langs. Skrap ut frøa, og ha dei i ein kjele i lag med heilmjølk, kremfløyte og sukker. Kok opp. Ta gelatinplatene ut av vatnet, og press ut så mykje av vatnet som du klarer. Ha platene i kjelen, og visp gelatinen i eit minutts tid, slik at den løyser seg opp.

Ta kjelen av varmen, og la den kjøle seg ned ein liten halvtime. Pisk inn yoghurten.

Hell desserten oppi i det du vil servere den i, for eksempel små glas eller i små former. Har du blandinga over i ein mugge, blir det lettare å porsjonere ut. Sett desserten kaldt over natta, eller nokre timer – til fløytepuddingen stivnar.

Jordbærsaus (coulis)

  • 400 gram frosne eller ferske bær, for eksempel jordbær eller bringebær
  • 3-4 ss melis (eller meir, om bæra manglar sødme)
  • Nokre dråper sitronsaft vil også heve smaken

Mos jordbærene i ein hurtigmiksar. Press bærsafta ut i ein bolle gjennom eit dørslag.

Kok opp sausen, og smak til med melis. Sett den i kjøleskapet til den skal serverast.

 

 

Dersom du har helt fløytepuddingen over i glas, kan du helle over saus over – og pynte med jordbær skåre i skiver og litt mynte. Vil du plassere desserten på tallerken, varmar du glaset/forma i varmt vatn i nokre få sekund, til puddingen slepp taket – og plasserer den opp ned på tallerkenen.

NB! Ta vare på vaniljestanga. Samle opp brukte vaniljestenger, legg dei ein boks med sukker. Etter ei stund (nokre veker/månader) har du ditt eige, heimelaga vaniljesukker.

2 thoughts on “Himmelsk fløyte- og yoghurtpudding med jordbærsaus

  1. Tilbakeping: Appelsin- og sjokoladepudding til påske | Far min sitt kjøkken

  2. Tilbakeping: Mat og drikke | Matpakke

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.