Ingen horn i sida til slekta

I alle familiar sirkulerer det oppskrifter som gjer opphavskvinna eller -mannen legendarisk. I vår familie er det horna til svogeren min som er sjølve grombaksten over alle andre. Trikset er å behandle deiga med tålmodig hand.

 

Svoger Odd Harald sine horn lærte han å lage i barndommen på Sunnmøre. Med åra er handverket det er å lage dette bakverket blitt optimalisert. For å få eit nær perfekt resultat, må du bruke kaldt smør, og gni det inni kveitemjølet til det berre er små smular igjen av mjølet. Etter å at du har i mjølka, må du arbeide inn litt og litt av kveitemjølet i deiga, og kna den lenge, helst i ti minutt.

Deiga er perfekt når den er bitte litt klissete og har godt volum. Den ser rett og slett luftig ut, allereie før første heving. To runder heving før og etter utkjevling sørgjer for at du har grombaksten i hus. Desse søtlege horna smakar himmelsk i lag med heimelagd syltetøy, men og med salt pålegg eller rett og slett berre godt smør, slik far min liker aller best…

Til ei stor oppskrift, som gjer minst 30 horn, treng du desse ingrediensane:

  • 1 liter mjølk
  • Om 1,7 kilo kveitemjøl
  • 8 ss smør
  • 8 ss sukker
  • 1 ts salt
  • Ein pakke tørrgjær
  • Valmuefrø
  • To egg til pensling

Sett komfyren på 225 grader (under- og overvarme, ikkje varmluft).

Varm mjølka i ein kjele forsiktig opp til 37-38 grader.

Ha om lag 1,5 kilo av kveitemjølet i ein stor bakebolle. Spar resten av mjølet til deiga skal kjevlast ut. Bland inn tørrgjæren, saltet, sukkeret og smøret. Arbeid smøret inn i mjølet med fingrane og hendene mens smøret framleis er ganske hardt. Hald fram til smøret er blanda godt med mjølet, og det berre er små smørklumpar igjen.

 

Ha i all den lunkne melka. Elt deiga godt med hendene, og tilsett litt og lit mjøl. Bruk gjerne fram mot ti minutt på eltinga. Deiga skal vere bitte litt klissete, men samtidig vere spenstig og ha godt volum før første heving.

 

 

 

La deiga heve om lag 30 minutt på ein lun stad med ein rein kjøkkenhandduk over, eller til deiga har blitt dobbelt så stor.

Del deiga i seks like store emne. Kjevle kvar deigklump ut til seks like tjukke rundingar. Del kvar runding i seks like store trekantar. Rull kvar trekant frå den smalaste til tjukkaste sida, og form den til ein halvmåne og legg kvart horn med passe avstand på bakepapir på steikeplata. Ta i bruk fleire plater, ellers blir det for trongt.

 

Sett til heving igjen på ein lun stad i om lag 30 minutt.

Pisk i hop egga med ein gaffel, smør kvart horn når dei har heva nok og dryss på valmuefrø.

Steik horna midt i steikeomnen på 225 grader til dei er gylne, det tar om lag ti minutt (kanskje mindre), avhengig av kor varmesterk omnen din er.

(Visited 340 times, 1 visits today)

One thought on “Ingen horn i sida til slekta

  1. Pingback: Pizzasnurrar når panikken tar deg - Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.