Julemenn og andre herlege karer

Julemenn, kakemenn eller gøttekallær. Kjært barn blir aldri namnlaus. I juletida bør du famne ekstra godt om denne tradisjonen, for den inneberer at du kan samle heile familien rundt kjøkkenbordet, og ete uhemma, male uortodokst  og senke skuldrene.

Far min sin viktigaste innsats når det gjeld julemannproduksjonen i barndomsheimen min var å sette store mengder til livs mens dei endå var varme – og ikkje minst mjuke. Akkurat det med mjuke «julemanna», som vi helst seier i Sunnfjord, viser seg å vere eit stort poeng, spesielt blant dei som ikkje er vakst opp med ganske harde, normale julemenn.

Vel, vi som innser at baksten hardnar, og syns det er ok å kjenne julemannbitane ”smelte” i munnen, er ikkje så opptekne av det. Men dersom du ikkje kan leve med eit slikt verdsbilde, tilrår vi å kjevle deiga litt tjukkare, steike julemennene på over- og undervarme (ikkje varmluft) og heller redusere steiketida. Men aller mjukast er dei uansett når dei er rykande varme og ferske.

Sjølv har eg konstatert at å komme med eksakt steiketemperatur, steikeprogram og steiketid er ein risikosport. Alle steikeomnar lever sitt eige liv, og oppfører seg deretter. Julemennene skal etter mitt og mange andre sitt syn framleis vere lyse, og helst ikkje ha brun steikeskorpe. Her får du berre prøve deg fram. Men eg brukar aldri varmluftprogrammet i steikeomnen. Og vil du ha eit jamt resultat, så la vere å opne omnen undervegs. Då forlenger du berre steiketida, og forstyrrar steikeprosessen.

  • 700 gram kveitemjøl (pluss nokre never til å blande i deiga
    dersom den er for blaut etter å ha stått litt)
  • Om lag 4 dl mjølk
  • 325 gram sukker
  • 70 gram smør
  • 15 gram hjortesalt

Rød, grøn, gul og eventuelt andre nyanser av konditorfarge, eller konditortusjar med same fargespekteret. Konditorfarge finn du i så å seie alle daglegvarebutikkar, konditortusjar kan du for eksempel kjøpe hos butikkar som sel kjøkkenutstyr (Traktøren med fleire).

Finn fram pepparkakeformer og ein romsleg bakebolle – og sett steikeomnen på 180 grader (over- og undervarme, ikkje varmluft, då blir julemennene alt for godt steikt i kantane).

Mål opp mjølka i eit målebegeret.

Ha i hjortesalt, kveitemjøl, smør og sukker i bakebollen. Bruk fingrane og arbeid deiga godt i hop. Spe med mjølka.

La deiga stå i kjøleskapet og sette seg. Enkelte julemennbakarar meiner deiga godt kan stå over natta. I vår familie nøyer vi oss med ein halvtime, men det er mest fordi vi er så utålmodige.

Finn fram kjevlet, rydd plass på kjøkkenbenken og kjevle ut deiga. Ha på godt med mjøl. Dersom deiga er litt klissete, må du passe på å bruke nok mjøl, slik at deiga lar seg kjevle ut – og ikkje sett seg fast i kjøkkenbenken.

Del opp deiga i litt fleire delar. Strø godt med mjøl under og over deiga, og kjevle ut til om lag ein halv centimeter tjukk leiv.

Trykk ut figurane du vil ha med pepparkakeformer, og legg den med bra stort mellomrom på bakepapir på omnsbretta.

Sjekk at steikeomnen er varm nok. Steik i 10-14 minutt på over- og undervarme, men ikkje så lenge at kakemennene blir brune.

La julemennene og -damene kjølne litt på eit rist før du startar malinga. Då er det tid for uhemma, kunstnarisk utfolding blant store og små. Og det er veldig lov å prøvesmake i stor stil. Husk berre på at det kan medføre stinn mage…

 

2 thoughts on “Julemenn og andre herlege karer

  1. Tror du har skrevet en liten feil.
    » Mål opp mjølka i eit målebegeret, og bland i hjortesaltet.
    Ha i hjortesalt, kveitemjøl, smør og sukker i bakebollen. Bruk fingrane og arbeid deiga godt i hop. Spe med mjølka.»

    Det skal vel kanskje ikke stå at hjortesaltet skal blandes i melka?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.