Klassisk kompott av bær og frukt

Plommekompott-bærkompott-fruktkompott_1000Far min sørgja for at eg vaks opp i ein heim der dessert var ei naturleg fortsetting av middagen. Bær- og fruktkompott stod stadig på menyen.

Akkurat kva som gjer far min så glad i ei søt avslutning på dagens viktigaste måltid kan ein spekulere i. Det er kanskje så enkelt som at vi menneske har eit naturleg søtsug. Men far min vaks opp under krigen, då tilgangen på sukker var svært mangelfull, og det meste søtt var rein luksus.

Kompotten er (dessverre) ikkje ei norsk oppfinning, trass i at det er ein klassikar på middagsborda her heime.

Namnet kjem frå det latinske ordet «compositus», som betyr blanding, og retten har røter tilbake i middelalderen. I seinmiddelalderen i England blei kompotten servert midt i, eller mot slutten, av ei større måltid. I renessansen kom den på bordet kald, mot slutten av middagen. Ettersom den blei lagd av rimelege ingrediensar, og heller ikkje inneheld mjølkeprodukt, blei den ein slager i dei jødiske miljøa i Europa.

Men her heime er det standard å heller over litt mjøl eller – endå betre – litt kremfløyte over kompotten. Men det er ingen ting i vegen for å piske krem eller finne fram litt god iskrem.

Og du kan kombinere bær og frukt og krydder til du har funne din eigen favoritt.

Plommekompott eller kompott av bær og anna frukt

(nok til fire personar)

  • 500 gram bær eller frukt – for eksempel plommer
  • 1,5 desiliter vatn
  • 100 gram sukker (eller meir, dersom bæra eller frukta treng meir sødme)
  • Krydder etter eige ønske, for eksempel ein stjerneanis, ei vaniljestang og/eller ei kanelstang
  • Ei toppa stor skei potetmjøl
  • Ei toppa stor skei vatn

Del plommene på langs, og plukk ut steinane. Del deretter plommene i fire.

Finn fram ei kjele, ha i plommer, vatn og sukker. Gje plommene eit oppkok, og la dei koke 8-10 minutt – til frukta har blitt mjuk. Det er fint om nokre av plommene har gått i oppløysing, medan andre framleis er litt faste.

Bær vil trenge langt kortare koketid, kanskje berre eit oppkok.

Bland ut potetmjøl i vatn, hell over frukta og rør godt rundt i kjelen. Frukt- eller bærkompotten vil då få ein litt geléaktig konsistens.

Server kompotten enten lun eller kald, for eksempel med krem eller heimelagd vaniljeis til.

NB: Om du ikkje vil eller kan bruke potetmjøl, kan du bland ei stor skei maisenna ut i tre store skeier vatn, og blande i frukt- eller bærkompotten.

1 thought on “Klassisk kompott av bær og frukt

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.