Klippfisksalat i sommarvarmen

Klippfisksalat-tørrfisksalat-med asparges-tomat-bak sjalottløk_1000Ein sjeldan gang er det like varmt her nord som i dei latinske landa vi tradisjonelt har eksportert klippfisk og tørrfisk til. Denne lune salaten er ein liten hyllest til dei som har tatt imot og foredla desse fantastiske råvarene – og til den varme årstida.

For nokre år sidan inviterte eg med kokken Trond Svendgård, for mange kjent frå «kokkelauget» Flyying Culinary Circus, til eit matreportasjeoppdrag i ei svært varm Oslo-gryte.

Trond er nordlending med stor hjarte for tørrfisk. Han lagde ein handfull rettar, mellom anna ein salat med nokre av dei same ingrediensane som i oppskrifta under.

I sommarvarmen er salttapet stort, så eg tar sjansen på å bruke tørrfiskens salte slektning, klippfisken, som far min har lagd i alle år.

Men du kan gjerne lage denne salaten med tørrfisk. Begge desse råvarene skal vatnast ut, men tørrfisken treng gjerne ei klype godt salt eller to når du danderer salaten.

Oppskrift på klippfisksalat/tørrfisksalat med asparges, småpoteter og bakt sjalottløk

  • 400 gram klippfisk eller tørrfisk (vekta før den er utvatna)
  • 600 gram småpoteter
  • 12 sjalottløk/småløk
  • ½ desiliter nøytral olje (solsikkeolje)
  • Ein liten bunt asparges
  • ½ desiliter god olivenolje (her går du for ei ekstra god extra virgen olivenolje)
  • 12 små tomatar
  • Ein stor neve salat, for eksempel ruccola

Klippfisken/tørrfisken må vatnast ut i god tid, eit døgn per centimeter tjuknad på fisken. Dersom klippfisken er veldig salt, skifter du vatn undervegs.

Du kan grille fisk og sjalottløk, steiketida blir omtrent den same som i steikeomnen med ein gassgrill på middel høg varme.

Sett steikeomnen på 200 grader. Putt sjalottløk (med skal og rot på) oppi ein lita eldfast form, og vend dei godt med grovsalt og solsikkeolje. Dekk forma med aluminiumsfolie, og sett den i steikeomnen. Løken skal bakast i om lag ein time.

Ta klippfisken ut av vatnet, og tørke godt av den med kjøkkenpapir. Pensle klippfisken med litt olivenolje på kjøttsida. Legg den i ei lita eldfast form, og bak klippfisken i steikeomnen til fisken flakar seg. Det tar 10-15 minutt. Ta ut fisken, og la den kjøle seg ned.

Del potetene på langs, og kok dei i lettsalta vatn til dei er møre. Hell av vatnet og damp av potetene i eit dørslag. Aspargesen kan du eventuelt koke eit minutt i lag med potetene på slutten av koketida.

Del tomatane i båtar.

Ta sjalottløken ut av steikeomnen, og la den kjølne litt før du tar tak i stilkenden av løken og presser ut «innmaten».

Finn fram eit stor serveringsfat. Fordel poteter, klippfisk, ruccola-salat, sjalottløk, tomat og asparges på fatet. Hell over litt riktig god olivenolje. Server klippfisksalaten lun, eventuelt med brød og aioli (kvitløksmajones) til.

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.