Kvardagsflukt med fiskesuppe på blåskjelltokt

Av og til lurer eg på kvifor eg orker å reinskjere fiskerestane og koke kraft, etter å ha baksa med fiskegarn og sløying i timevis mellom regndråpar og myggsvermar. Men når du endeleg sit der og smattar på ei krema fiskesuppe med smakleg drahjelp frå ferske blåskjell, får alle ømme musklar ro.

For nokre år sidan fekk eg ein e-post frå ein mildt sagt irritert marknadsrådgjevar frå eit forlag som hadde gjeve ut ei kokebok med ein tidlegare toppolitikarar med vinnande vesen. Som den lidenskapleg matinteresserte journalisten eg var, kunne eg ikkje – sjølv med mykje vestlandsk godvilje – forstå kvifor kjendisen hadde reist over heile landet,
sett garn, dratt og tina fisk, sløgd og filetert, for til slutt å blande i hop ei fiskesuppe basert på buljongterningar. Rett ut sagt ein frykteleg nær slektning av den frysetørra varianter frå Bergen, Eg fekk passet mitt påskreve, for å seie det slik, etter min ganske diplomatiske kritikk.

Og eg kan forstå freistinga det er å ty til matvareindustrien sine smaktette, men dessverre til dels uanstendig salte produkt. Eg gjer det sjølv alt for ofte.

Men det er altså verdt å lage si ekte, heimelaga fiskesuppe på restane av noko så tilsynelatande simpelt som fiskeavskjer og blåskjell. Om du skulle lure. Og tenk på den gloria som vil henge over hovudet ditt når gjestane sit og slurpar i seg den glovarme, fløyelsmjuke kvardagsflukta – til ein stad langs kysten  – som du sjølv har æra av!

Fiskesuppe med blåskjellkraft, torsk og reker

Til blåskjellkrafta treng du dette:

  • 1 kilo blåskjell
  • 4 ss rapsolje
  • 4 sjalottløk (eller 1 stor løk)
  • 4 båtar kvitløk
  • ½ fennikel
  • 4 dl tørr kvitvin

Der enklaste og tryggaste er å bruke blåskjell i nett frå butikken. Plukkar du skjell før, må du sjekke med blåskjellvarslet til Mattilsynet om skjella er trygge å ete i ditt område.

Vask blåskjella godt i kaldt vatn – og napp vekk skjeggbustane som måtte sitte fast i skjella.

Finhakk fennikel, kvitløk og sjalottløk.

Varm opp oljen i ein romsleg kjele. Fres grønsakene nokre minutt utan at dei svir seg, til løken er gjennomsiktig.

Ha oppi dei vaske og reinsa blåskjella, i lag med kvitvinen. Kok opp, og la blåskjella putre eit par minutt, før du set kjelen til sides.

Når blåskjella har kjølna litt, pellar du ut skjella og legg dei i ein bolle. Alle blåskjell som ikkje har opna seg, må du kaste! Krafta tar du vare på.

No startar del to av prosessen, og til del treng du dette:

  • 1 liter fiskekraft, helst lagd på avskjer frå kvit fisk (alternativt kan du til nød blande fiskebuljong til 7,5 dl kraft med 10 dl vatn, då slepp du å få ei alt for salt kraft. Alternativt kan du bruke tre boksar, altså 7,5 dl, av Jacobs utvalgte fiskekraft. Denne treng du ikkje koke ned)
  • 400 gram fisk, for eksempel torsk og/eller lyr
  • 250 gram reinsa, ferske reker
  • 1 purreløk
  • 2-3 gulrøter
  • 1/3 liter kremfløyte
  • 1-2 dl crème fraîche
  • Ein neve fersk dill
  • Salt og peppar
  • Eventuelt litt kvitt sukker

Skrell gulrøtene og dei i tynne, lange strimler. Del purreløken i to på langs. Skyll vekk alle jordrestar, og strimle den på skrå.

Varm opp blåskjellkraft og fiskekraft i ein stor kjele, og krafta koke ned til du syns at smaken begynner å bli ganske kraftig. Eg pleier å redusere krafta med ein tredjedel eller ein fjerdedel dersom eg bruker ekte kraft. Dersom du brukar ferdig redusert kraft a la den frå Jacobs, kan du hoppe over nedkokinga.

Mens krafta koker ned, deler du fisken i terningar på 4-5 centimeter og renser rekene, og legg dei til side.

Når du er fornøgd med smaken på krafta, har du i kremfløyte og crème fraîche, og koker til suppa kremer seg. Crème fraîche gjer (i lag med kvitvinen) at du får ei ganske syrleg suppe. Du kan eventuelt balansere syra med litt sukker, eller erstatte crème fraîchen med lik mengde fløyte.

Smak til suppa med salt og peppar.

Rett før servering har du i blåskjella (gjerne med nokre av skjella som pynt) i suppa, og har i fisk, gulrøter, purreløk, reker og heilt til slutt finhakka dill.

Server suppa med godt, kvitt brød med godt smør til.

2 thoughts on “Kvardagsflukt med fiskesuppe på blåskjelltokt

  1. Tilbakeping: Mat og drikke | Matpakke

  2. Tilbakeping: Liten port til sursøtt smaksrike | Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.