Lammefrikassé

Kombinasjonen lammekjøtt og rotgrønsaker kan vere himmelsk. Bruk gjerne dei grønsakene du liker best, dei finns i mangfald i butikkane frå seinsommaren og utover. Denne oppskrifta bør mette fire personar.

Første del:

  • 1,5 kilo grytekjøtt av lam med bein, for eksempel bog
  • 6-7 desiliter vann
  • 2-3 gulrøter
  • 2 persillerøter eller ½ sellerirot
  • 1 blomkålhovud
  • 1 purreløk

Andre del:

  • Dei 6 desilitrane kraft frå kokinga
  • 3 ss smør
  • 3 ss kveitemjøl
  • 1 ½ teskei salt
  • ½ teskei peppar
  • Eventuelt 200 gram brekkbønner
  • 3 ss fersk dill (og eventuelt persille/flatpersille)
  • 1-2 desiliter fløyte

Del opp kjøttet i passe store (serverings)stykker. Skyll deretter kjøttet i kaldt vatn og tørk godt av det med kjøkkenpapir.

Legg kjøttet tett i tett i ein passe stor kjele, hell over det kalde vatnet og kok opp. Fjern skummet undervegs med ei ause, og la kjøttet trekke/småkoke til det løsnar frå beina. Det tar minst tre kvarter.

I mens skreller du grønsakene og deler dei opp i passe store biter. La dei koke med kjøttet dei siste fem minutta.

Fisk ut grønsakene og kjøttet og legg det kvar for seg. Ta vekk bein og eventuelt dei største brusk- og fettdelane frå lammekjøttet. Sil krafta gjennom eit dørslag over i ein bolle. Her må du ta vare på kvar dråpe!

Sausen kan du lage i same kjele eller ein ny. Her snakkar vi om ein nær slektning av ein klassisk kvit saus, som riktig nok blir litt gyllen av kokekrafta. Smelt smør og pisk inn kveitemjølet. La jamninga surre eit lite minutt utan at den blir brun. Spe i litt og litt kraft til sausen er passe tjukk.

Nokre minutt før servering har du i kjøtt, grønsaker, urter og evnetuelt brekkbønner (som krev lite koking). Ha i fløyta. Kok opp. Smak til med peppar og salt. Normalt sett krev lammefrikasseen godt med krydder, og spesielt salt. Og den trivs veldig godt i lag med (ny)poteter.

Velbekomme!

 

5 thoughts on “Lammefrikassé

  1. Hei Geir, Hva med å få inn oppskrift på ei høstsuppe…? Tia for det nå, etter innhøstingen av mye deilige grønnsaker. Sett igang, du har to ledige fotografer!

  2. Tilbakeping: Hønsefrikassé for både haner og høns - Far min sitt kjøkkenFar min sitt kjøkken

Legg att eit svar til Oscar Holt-Seeland Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.