Når vi her nord fortener ein lang og varm sommar, får vi portulakken med på kjøpet. Denne orientalske plante veks nærast som ugras i kjøkkenhagen, men om du tar deg tid til å skjere den ned og sylte dei tjukke, saftige stilkane, har du eit herleg sursøtt følgje til den krema fiskesuppa.
Det underlege namnet har lite med lakk å gjere. Namnet på planten skal uttalast «portulˈakk», og den framre stavinga betyr rett og slett «liten port» på latin. Og nettopp lenger sør i Europa er portulakken langt meir omfamna enn her til lands. Langs Middelhavet blir blada brukt i salaten.
Her heime har stenglane vore velkjente i kosthaldet, brukt i både fiskesuppe og til kjøtretter, etter å ha blitt lagt i ei sursøt lake. Den skal til og med ha blitt kommersielt lagt ned på glas og selt på Sørlandet.
I dag har portulakken nesten gått i gløymeboka, og den blir ofte reve opp med rota av nordmenn som luker i bedet og ikkje kjenner nok til planten. Det er verkeleg synd. Det hender ofte at greske høner får portulakk i foret. Og egga dei legg inneheld langt meir Omega-3 enn dei frå ordinære, amerikanske høner. Den store Omega-3-kjelda viste seg å vere portulakken, slo den greske forskaren Artemis Simopoulos fast rett etter årtusenskiftet.
Dersom du blar deg fram i gamle, norske kokebøker, finn du svært ofte oppskrift på sylta, sursøt portulakk. Oppskrifta under omtrent slik du finn den i Inga Haust og Ingeborg Milberg si bok «Matlære», «omarbeidet for folkeskolen og den linjedelte ungdomsskolen» av Gudrun Akre og Anne-Helene Eriksen (frå 1962).
Oppskrift på sylta (sursøt) portulakk
- 500-1000 gram portulakk-stilker
- ½ liter eddik
- ½ liter sukker
- 3 nellik(spiker)
- 1 heil kanelstang
- 1 liter vatn
- 1 teskei salt
Plukka av blada, og reins stilkane med portulakk. Del stilkane i fem centimeter lange biter.
Kok opp ein liter vatn og ha i ei teskei salt. Ha i portulakken, og kok til dei er møre. Det tar ikkje lenger enn to, tre minutt. Hell ut kokevatnet, og la portulakken renne av seg i eit dørslag. Fordel deretter portulakken i eit eller fleire godt reingjorte glas (med lokk).
Kok opp eddik og sukker, og ha i nellik og kanel. Kok blandinga i fem minutt. Hell den kokande laken over portulakken i glaset. Tett godt igjen glaset og la det stå i åte dagar. No er det klart til bruk, og eit supert følgje til ei krema, fiskesuppe.