Lobster roll på lettaste vis

Enten du får dratt til Amerika, eller må leve med draumen; å lage din eigen «lobster roll» er så enkelt at kven som helst klarer det. Lukker du auga når du tar di første tugge, kan det hende hovudet tar deg med å ei lang reis over Atlanteren.

I det herrens år 2020 hadde familien min og eg billett til New York. Vi skulle la oss forundre over millionbyen nokre dagar, før di sette kursen mot kysten lenger nord. Her på Far min sitt kjøkken elskar vi sjømat, lukta av hav og å rusle langs strendene i små fiskarlandsbyar og finne oss eit “hol i veggen” der ein serverer sjømat.

“Lobster roll” sto på lista over det vi skulle kose oss med. Dette er sjømat-versjonen av pølse i brød. Visstnok funne opp i 1929, på restauranten Perry’s in Milford, Connecticut. I dag er det i stor grad delstaten Maine amerikanarane tenkjer på når namnet «lobster roll» kjem opp. Men du får dei og servert i andre New England-delstatar, den austlege delen av Long Island og lenger nord langs austkysten av USA, heilt opp til Canada.

Denne retten er sjølvsagt best på vinteren, når sjømaten er på sitt beste. Men den er ikkje dum sommarstid heller. Her heime har vi både hummar, sjøkreps og reker, som alle duger i denne enkle retten. Og vi har pølsebrød. Originalen har primært majones som base i røra. Eg syns det er frisk og sjølvsagt litt sunnare å blande yoghurt i røra.

Og eg må også innrømme at eg har forenkla denne utgåva frå den amerikanske litt, fordi eg er litt forsiktig med smøret før tida. Men amerikanarane kutter yttersidene av pølsebrødet – som altså må ha opning på toppen for å «stå rett». Sidene blir deretter smurt inn med meierismør, og steikt på begge sider i steikapanna, til dei får litt nøttebrun farge. Deretter kan dei fyllast – og ikkje minst etast.

Hummaren og det «mjuke» fyllet treng litt sprø tyggemotstand frå steikeskorpe. Om du vil droppe pølsebrødet, og heller fylle røra i ein sprø og nybakt havrebagett, er det heilt innafor – men du kan kanskje ikkje kalle det ein “lobster roll”. Akkurat det er vel greitt, så lenge vi er så langt frå Amerika vi drøymer om…

Oppskrift på amerikansk lobster roll – eller «hummarrull»

  • 1,25 desiliter gresk yoghurt eller 1,85ml vanleg yoghurt
  • Tre store skeier god, og gjerne heimelaga majones
  • Ei selleristang
  • Eit par vårløk
  • Ei stor skei ferskpressa sitronsaft
  • 450 gram kokt hummarkjøtt, kutta i om lag ein centimeter tjukke bitar
  • Ein liten neve finhakka, fersk grasløk
  • Salt og peppar
  • 4 gode (gjerne heimelaga) pølsebrød – med opning på toppen, eller heimelaga

Kok hummaren som vanleg, dersom den ikkje er kokt frå før.

Ta ut alt hummarkjøttet frå skala, og kutt det i ein centimeter tjukke bitar.

Finhakk grasløk, stangselleri og vårløk.

Bland majones og yoghurt i ein bolle, og har i litt ferskpressa sitronsaft. Dersom du ikkje har gresk yoghurt for hand, siler du av litt av vatnet frå vanleg yoghurt naturell ved å ha den i eit kaffifilter, og lar den renne av seg eit kvarters tid.

Bland mesteparten av hummaren, grasløk stangselleri og vårløk i røra, smak til med salt og peppar. Spar gjerne nokre hummarbitar til å legge oppå røra i brødet, det ser berre lekkert ut.

Dersom du vil gjere dette på den amerikanske måten, setter du over ei steikepanna på middels høg varme. Kutt av yttersidene av pølsebrødet – om lagt ein halv centimeter på kvar side. Smør begge sider med romtemperert meierismør. Steik begge sider av pølsebrøda til dei er nøttebrune, det tar om lag eit minutt.

Fordel hummarrøra i pølsebrøda – og server gjestane med ein gong!

(Visited 214 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.