Multe-parfait til ein perfekt kveld

Multe-parfait-iskrem med multer_600Dei fleste som har lagd iskrem utan maskin, har opplevd at kremen i blant krystalliserer seg. Inni mellom alt det gode, ligg det harde, vasne korn av is. Då handlar det om å ty til den perfekte metoden for å lage iskremen for dei store kveldane.

«Parfait» betyr rett og slett perfekt på fransk. Og det er namnet på den franske måten å lage iskrem på utan maskin – med usedvanleg bra resultat.

Parfaiten finns i fleire former. Du kan varme egg og sukker i vassbad i førte delen av prosessen, lage ei varm sirupslake som du piskar inn i eggeplommene, eller ikkje. På Far min sitt kjøkken blir resultatet best om vi bruker varm sirupslake. Sjølv om det er ein fordel å vite at sirupen held 120 grader, går det som regel bra om du du heller den kokevarme væska i tynn stråle ned i eggeplommene – mens ballongvispen på kjøkkenmaskina går.

Parfaiten er kjend frå det franske kjøkken heilt tilbake til slutten av 1800-talet. At den har overlevd skuldast heilt klart at den kan gje glada amatørar eit godt resultat utan ismaskin, glukose (druesukker) og andre hjelpemiddel som hindrar at iskremen krystalliserer seg.

Når du lagar en parfait, blandar feittet, sukker, (eventuell alkohol) og lufta seg med vasskrystalla som vert danne, slik at du slepp uønskte krystall.

Er du vant med ein litt tung, lett bitter moltekrem, er denne iskrem-varianten eit godt alternativ på julekvelden eller ein annan høgtidsdag – spesielt for dei mange som har årgangsmolter i fryseboksen.

Oppskrift på multe/molte-parfait (nok til fire til seks personar):

  • 5 eggeplommer
  • 1 vaniljestang (av god og stor type)
  • 1/3 liter kremfløte
  • 100 g sukker
  • 1 dl vann
  • 250 gram multer/molter til iskremen, 250 gram til pynt
  • 1 stor heimelagd vaniljesukker (eller vanleg sukker, pluss ei halv skei industrielt vaniljesukker)

Ha moltene i ein liten kjele. Skrap ut frøa frå vaniljestanga, og ha dei og sjølve stanga i kjelen med moltene. Kok og la dei koke til safta slepp bæra, før du set kjelen til side og kjøler ned blandinga.

Hell vatn og sukker i en anna liten kjele. La blandinga fosskoke om lag fire minutt, eller til blandinga får sirupskonsistens.

Skil eggeplommene frå kviten. Ha dei i kjøkkenmaskina med ballongvisp. Pisk eggeplommene til dei blir lysegule. Hell den varme sirupen i ein tynn stråle ned i egga. Den varme eggedosisen aukar i volum. Hald fram med å piske til blandinga har romtemperatur (det tar gjerne 10-15 minutt).

Pisk kremfløyta til krem. Vend kremen forsiktig inn i eggedosisblandinga med ein slikkepott.

Mos moltene med stavmiksaren, og press gjennom eit dørslag og ned i krem- og eggedosisblandinga. Skrap godt under dørslaget, slik at du får med mest mulig av bæra og vaniljen.

Kle ei passe stor form med plastfolie. Hell blandinga over i forma, og sett den i fryseboksen i minst seks timer.

Vend det heimelagde vaniljesukkeret inn i resten av moltene.

Ta opp iskremen ti minutt før servering. Vend parfaiten ned på eit serveringsfat, og pynt med moltene.

Dersom du vil smake til parfaiten med andre smakar, kan du droppe moltene, og for eksempel ha i smelta sjokolade, andre bær-slag eller det du syns passar best. Du kan også ha i eit par store skeier med ein snill akevitt (fri for karve, for eksempel Fru Lysholm) i molte-iskremen.

2 thoughts on “Multe-parfait til ein perfekt kveld

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.