Nypotetlukke med fenalår og eggerøre til

Oppskrift på eggerøre med fenalår-spekemat-spekeskinke nypotet og rømme_1000Heldig er den som kan grave fram eigne nypoteter frå kjøkkenhagen, skjære opp tynne skiver frå heimelagd fenalår og piske samen ei eggerøre frå frittgåande høner frå nabolaget. Sommarmiddagen blir ikkje stort betre enn du gjer den til.

Dei beste sommardagane har sin eigen valør. Reint fysisk er det lite slår det å kunne stige ut av skorne og gå barbeint i graset. Den som har vakse opp med kalde, våte vestlandsomrar veit å verdsette slikt.

Det er eit ekstra trinn på lukkestigen å spasere inn  kjøkkenhagen, røske i potetplanten nede ved rota og dra opp årets første nypoteter. Like spanande kvar gong å sjå om moderpoteta har fått avleggarar. Rekorden i år var 12.

Middagsplanane begynner å teikne seg. Rundt oss spring 17 kyllingar i ferd med å bli til haner og høns. Naboen sine fjørkre er allereie i gang med ruginga. Eggeplommene er like gule som sola, farga av høgt inntak av grønt gras og vekstar som har skote opp av bakken i løpet av nokre hektiske dagar og veker.

På kjøkkenbenken ligg far min sitt fenalår, plukka ned frå loftet då gauken starta med å gjele i vår og plassert i fryseboksen i vente på ein sommar som til slutt kom.

I vasken ligg rikelege mengder nypoteter som skal kokast opp med kaldt vatn og putre eit kvarter med rike mengder salt og ein kvast eller to med løpstikke.

Crème fraîchen er opna og flatbrødet og smør står klar. Sommaren varar ikkje evig, den er brokkar av små augneblikk vi aldri får tilbake. Det gjeld å nyte den – og dei aller beste råvarene – den korte stunda du kan…

Oppskrift på eggerøre med grasløk

  • 4-5 store egg, helst frå frittgåande høner
  • 1 stor skei godt smør
  • 1/2 dl mjølk
  • ½ teskei salt
  • Litt grovmalen peppar
  • Eit par store skeier finhakka grasløk

Knekk skalet på egga og pisk dei i hop mjølk, salt og peppar. Eg brukar berre ein gaffel til dette.

Sett over ei steikepanne med glatt belegg på middels låg varme. Ha i smøret.

Når smøret smelter litt, har du i egget. Eggerøra skal varmast opp forsiktig, den skal ikkje bestå av alt for godt steikte flater, men ei krem-aktig røre. Dette tar berre nokre få minutt. Ta gjerne steikepanna av varmen litt før du syns den er ferdig.

Dersom du vil ha eggerøra så mjuk at den nesten rullar av garde, kan du ty til metoden mellom anna det britiske kokkegeniet Heston Blumenthal tyr til, nemleg å «koke» blandinga i ein glasbolle over ein kjele med kokande vatn. På den måten vil eggerøra i løpet av eit kvarters tid – med konstant røring – bli ei silkemjuk blanding som du nærast kan smøre på brødet.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.