Den spanske kjærleiken til paella er grenselaus, nåde den som tuklar med tradisjonen! Men der det finns ekte kjærleik, er det også rom for forsoning og å tilgje ein stakkars skandinav som trør feil.
Når sommaren blir til haust, og kjøkkenhagen framleis kan by på mengder av potet, gulrot, rødbet, polkabeter og andre rotgrønsaker, er det tid for å finne fram frityrgryta. Grønsakschips er ei sprø avslutning på sommaren.
Heime på Vestlandet ville eg heller være indianar enn cowboy når vi leikte i skogen som små. Og det var før eg oppdaga at aztekarane i dagens Mexico fann opp det vi kjenner som guacamole. Ei salig røre som dessverre matindustrien produserer med råvarer som har lite med originalen å gjere.
Det er fascinerande korleis ei landegrense kan skilje mattradisjonar frå kvarandre, tatt i betraktning korleis rettar og metodar har vandra over heile verda i uminnelege tider. Eg slit med å forstå kvifor ikkje «Janssons frestelse» er like vanleg på norske middagsbord som dei svenske.
Det verste med å ha eigen frukthage er kanskje tanken på å la plommer og andre godsaker rotne eller bli fortært av ubodne gjester. Plommemarmelade med sitron, vaniljestang og fersk ingefær kurerer slike scenario.
Svarten, vi har gløymt å tenke på middag! Ingen fare. Vi har ein kjele full av kokte poteter, gode pølser i fryseboksen og hagen full av grønsaker som må brukast opp. Putt i alt i steikepanna!
Kvar sommar og haust rotnar tallause kilo med eple i hagen vår. Då kjennast det ekstra meiningsfullt å gjere klare store mengder eplemos for vinterlagring i fryseboksen.
Pasta er ei genial oppfinning med få ingrediensar. Ravioli fylt med ei blanding av egg, spinat, ricotta og parmesan er det perfekte følgjet. Med litt trening blir du pastasjef på eige kjøkken.
Noko av det aller beste med hausten er å strekke seg opp mot plommetreet, plukke ned akkurat passe moden frukt, ta ein bit og kjenne sødmen bre seg i munnen. Dessverre er det mange plommer og eple i hagen vår som aldri blir perfekte. Med dei egner seg veldig godt til plomme- og eplesyltetøy.
Den tradisjonelle, norske grønsakshagen er kanskje ikkje den mest fargerike. Men rødbeten fargelegg alt rundt seg dersom den får vere med på festen. Lite slår ein bulgur- eller couscous-salat lagd på fersk rødbet, med litt sting av syrleg eple, rødløk og ruccola.