Smak av sommar til kaldare kveldar

I løpet av nokre intense veker gror og spirer alt det velsmakande som er sådd i kjøkkenhagen. Det mest sørgmodige er å leve med at store mengder urter faktisk blir ståande til dei visnar fordi eigaren si iherdige kjøkkeninnsats ikkje er omfattande nok. Derfor bør du hauste og gjenbruke mens du kan. Til og med pent brukte vaniljestenger som har vakse fram på varmare breiddegrader kan du forvandle til ekte vaniljesukker.

Continue reading

Rabarbrasuppe for sol eller regn

Rabarbrasuppe med asiatisk vri-hjemmelagd vaniljeis_600Vi som av ein eller annan grunn er plassert her langt mot nord, har i utgangspunktet lite eksotiske vekstar å glede oss over. I alle fall var far min og min eigen barndom til dels fargelaus på det punktet. Eit av dei få unntaka var rabarbraen, som veks vilt og uhemma under dei rette forholda langs kysten. Rabarbrasuppa er genial, fordi den er like god kald som varm.

Continue reading