Matvareindustrien har gjort sitt for å sette det naturlege feittet til grisen i dårleg lys. Men er det eigentleg «eit fett» kva feit del av svinet du bruker? Smult er ikkje det verste alternativet når du skal bake, fritere eller lage eit bakteriefritt «lokk» på toppen av glaset med paté.
Category Archives: Oppskrifter
Reply
Søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk
Har du nokon gong forelska deg så i ein rett, at du aldri blir lei? Nesten uansett kor ofte du et den? Men så er det det med denne kjærleiken, du finn ikkje alltid ut av den. Det skulle ta meg over 20 år før eg fekk til å lage søt-sterk sitrongras-kylling på vietnamesisk (nesten) slik dei gjer det på ein av favorittrestaurantane mine.