Plommemarmelade med eksotisk smak

plommemarmelade-plommesyltetoy-med-sitron-og-ingefaer_1000Det verste med å ha eigen frukthage er kanskje tanken på å la plommer og andre godsaker rotne eller bli fortært av ubodne gjester. Plommemarmelade med sitron, vaniljestang og fersk ingefær kurerer slike scenario.

Marmelade minner veldig om vanleg syltetøy, men pleier å vere tjukkare i konsistensen. Dessutan blir frukta kokt med krydder som nettopp vaniljestang eller kanel. Det er og svært vanleg i britiske kretsar å lage marmelade på sitrusfrukt. Plommer og sitron er ein sikker kombo.

Visstnok finns det ei romersk oppskrift på marmelade som er frå om lag 400 år etter Kristus. I tidlegare tider ble marmeladen ofte lagd med honning som søtemiddel. Men då sukkeret blei meir vanleg, overtok dette for honningen.

I tillegg til sukkeret, er det vanleg å tilføre eit eller anna midel som gjer marmeladen geléaktig, for eksempel pektin – som og finns naturleg i bær og frukt. Om det ikkje er nok naturleg pektin i bæra eller frukta, kan du tilsette pektin i flytande form eller som pulver (for eksempel av merket Certo). Bruker du såkalla syltesukker, er dette tilsett pektin.

Enkelte har og i litt av konserveringsmiddelet Atamon, for å sikre at marmeladen held seg lenger.

Marmelade er fantastisk til ost, og oppskrifta under bør passe godt til for eksempel chevre. Med plommer på glass utover hausten, kan dei mørke kveldane berre komme.

Oppskrift på plommemarmelade med ingefær og sitron

  • 2 kilo plommer
  • ½ desiliter vatn
  • 2 økologiske sitronar (eller3 lime)
  • Ei vaniljestang
  • Om lag 3×2 centimeter fersk ingefær
  • 1 kilo syltesukker (med pektin, eller den mengda pektinpulver produsenten tilrår på pakka, i tillegg til sukkeret)

Skyll av plommene med lunka vatn, og la dei renne av seg. Bruke ein liten kniv, lag snitt rundt plommene og ta ut steinane.

Finn fram ein stor kjele (gjerne ein som rommar 5 liter). Ha plommene over i kjelen, og hell over vatnet.

Skjær sitronane på langs, deretter i tynne (halvmåneforma) skiver. Dersom du ikkje får fatt på økologiske (og usprøyta) sitronar, må du vaske sitronane godt i varmt vatn. Ha sitronen i kjelen i lag med plommene.

Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa med ein liten kniv. Ha vaniljefrøa og stang oppi kjelen.

Fjern skallet på ingefæren, og rasp den fint oppi kjelen.

Skru opp  varmen og legg eit lokk på kjelen. Når plommene slepp væska, tar du av lokket og lar plommene koke på middels høg varme i minst 30-40 minutt. Då skal plommene ha begynt å gå i oppløysing.

Rør i litt og litt syltesukker (med pektin). La plommemarmeladen koke eit kvarter til.
No er det tid for å sjekke konsistensen. Marmelade skal vere litt tjukkare enn syltetøy. Legg litt av plommemarmeladen på ein kald tallerken. Når marmeladen er kald, kan du vippe på tallerkenen. Dersom den ikkje renn av garde, er marmeladen klar. Dersom den framleis er litt tynn, koker du plommemarmeladen nokre minutt ekstra.

Finn fram reine syltetøyglas med lokk. Sett steikeomnen på 110 grader (over- og undervarme), og la glasa og lokka stå i minst eit kvarter, før du fyller den varme plommemarmeladen på glasa.

Har du lyst å lage dine eigne hermetiserte plommer, les meir om dette på farminsittkjokken.com.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.