Redningsaksjon for ramsløken

Ramsløkpure-pure av vill hvitløk_650Ramsløken har blitt ein farsott blant matinteresserte nordmenn. Denne viltveksande kvitløken har fabelaktige eigenskapar og smak, men du bør vere med på ein liten dugnad for å hindre at den kjem i fare. Plant den i din eigen ramsløk i hagen eller i eit passande skogsområde nær deg.

Allium ursinum, som den heiter på latin, har vore – og er – svært ettertrakta i mange land. Den veks vilt i både Asia og Europa. Engelskmennene kallar den «wild garlic» (vill kvitløk), tyskarane snakkar om griseløk. Her til lands (og i Spania) blir den både kalla bjørneløk, og enkelte stadar geiterams, fordi desse firbeinte set stor pris på den. Men mange stader langs kysten var bøndene lite lysten på å la buskapen beite i ramsløkliene, fordi dei meinte at den ga usmak på mjølk, ost og smør.

Smaken på bladet er langt mildare enn sjølv hos ein fersk kvitløk (allium sativum), sjølv om stengelen i stor grad minner om kvitløken. Derfor er den til dels ei fin erstatning, men den har altså andre smakstonar enn den slektningen frå syd. Folk som ikkje tåler kvitløk og løk, vil betre kunne hanskast med ramsløken.

Ramsløken kan brukast i supper, sausar, salat og potetsalat. Her på Far min sitt kjøkken har vi brukt den i surra steik av kje. Lenger nede finn du ut korleis du kan lage ramsløkpuré, ramsløksmør og ramsløksalt. Du kan og erstatte kvitløken og litt av basilikumen med nokre røter og blad i pestoen.

Ramsløken er så i skotet at Bioforsk Apelsvoll i Opland har sett i gang ei forskingsprosjekt for å sjå på om ein kan dyrke ramsløken for kommersielt sal. Bakom ligg ei viss frykt for at denne verdifulle planten skal bli for populær blant sankande nordmenn. Mellom dei som sel små glas med verdifull ramsløkpuré for ein solid slump pengar er bedrifta Nøring i Hardanger.

Ramsløk-plante-hvit og grønn stengel_650Dersom du er så heldig å vite om ein ramsløkplass, gjer du lurt i å hauste om våren og fram til blomstringa – som normalt er i juni. Endå betre er det om du hjelper til med å spreie denne fantastiske kultur- og matplanten, som er i linjefamilien – men ikkje må forvekslast med liljekonvallen. Sistnemnde veks ofte på same staden som ramsløken, liknar mykje, men dessverre er giftig. Ramsløken har ein lysegrøn stengel som går over i kvitt nedst nede, i motsetnad til liljekonvallen, som er brun nedst på stilken.

Når du plukkar ramsløken, bør du bryte av stengelen, ikkje rive den opp med rota, for då veks den opp igjen neste år. Men du kan altså ta med deg ei lita klynga plantar for omplanting i dine eigne nærområde, forklarar Rolv Hjelmstad, botanikar og mannen bak det flotte nettleksikonet Urtekilden. Etter at friluftslova blei endra i 2012, er det no lov å ta med seg både plante og rot «når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet».

– Når du tar med deg ramsløk for omplanting, må du passe på å grave så djupt at du får med deg både sjølve løken og dei små røtene som skyt ut. I tillegg bør du ta med deg litt av jorda den står i. Ramsløken trivs aller best i svart, fuktig og feit jord. For at den skal trivast i hagen din eller eit anna skogsområde, bør det vere ein plass med mykje fukt. Den tåler både skygge og sol, men bør nok ikkje stå midt i verste sollyset om du vil hindre at planten tørkar ut.

– Å ta med seg litt ramsløk for å plante ein annan stad – slik at den spreier seg – er eit tiltak eg applauderer, seier Hjelmstad.

Ramsløken finns ofte i større koloniar der den veks, men bestanden tåler ikkje at folk spring flokkevis i skogen og plukkar med seg svære mengder om våren og tidleg sommar.

Ramsløken veks langs heile kysten frå Oslofjorden og nord til Trøndelag. Hjelmstad bur på om lag 600 meter over havet nær Oppdal i Sør-Trøndelag, og forsøker seg med ramsløk i hagen, sjølv om han innser at den neppe har dei beste vekstvilkåra så høgt oppe i terrenget. Ramsløken trivs best med milde vintrar.

Hjelmstad og kona Christina driv nettbutikken Urtekilden og held kurs rundt om i landet om naturen sitt eige «apotek».

– Vi pleier å fylle opp Norgesglas med finhakka ramsløkblad – utan stengelen. Deretter slår vi på rein sprit til glaset er fullt. Etter to, tre veker vil du få ein såkalla tinktur. Sil av spriten. No kan du ha i 10-20 dråpar av tinkturen i eit glas kaldt vatn fleire gongar om dagen. Ramsløktinkturen har kraftig antibakteriell verknad og er eit naturleg antibiotika. Ved å ta slik tinktur skjerper du appetitten og betrar fordøyingssystemet, forklarar Hjelmstad.

Kunnskapen om ramsløken – og bruken av den – er slett ikkje av ny dato. Visstnok skal vikingane ha hatt den med seg på tokt.

– Men kjeldene om bruken er høgst usikre. Vi veit ikkje noko sikkert om ramsløken blei brukt av medisinske eller smaksmessige orsakar. Men den er ein flott smakssettar i maten, ein god del mildare og eit godt alternativ til kvitløken, understrekar Rolv Hjelmstad.

Oppskrift på ramsløkpuré

  • 250 gram ramsløk
  • 2,5 desiliter nøytral matolje, for eksempel rapsolje
  • To teskeier salt

Finn fram ein kvart kilo reine og tørre ramsløkblad.

Finn fram ei kjøkkenmaskin med roterande blad eller blender. Ha i halvparten av ramsløken og oljen. Køyr maskina til ramsløken har blanda seg med oljen. Ha i den siste halvparten av ramsløken og oljen, og la maskina gå i 10-15 sekund, til blandinga er litt som ein graut. Smak til med salt.

Ha ramsløkpureen over på rein (helst små) glas. Dersom ramsløken flyt opp, heller du forsiktig over litt meir olje, slik at ramsløken er dekka. På den måten held den seg lenger i kjøleskapet. Du kan godt etterfylle med olje når du har brukt av ramsløkpureen, slik at den resterande delen er «forsegla» under oljen.

Oppskrift på ramsløksmør

  • 250 gram smør
  • Om lag 75 blader (ca. 65 gram) ramsløk
  • Ein liten skvis ferskpressa sitronsaft
  • Eventuelt ein knivodd karripulver

Legg smøret fram på kjøkkenbenken ein liten halvtime før du skal lage ramsløksmøret. Fjern eventuelle røter frå ramsløken.

Finn fram ei kjøkkenmaskin med roterande kniv. Ha i smøret, ramsløken, sitronsafta og eventuelt karri – om du liker det. Køyr blandinga glatt, det vil seie dei sekunda som trengs til ramsløken er finhakka og har blanda seg godt i smøret.

Finn fram eit ark plastfolie, legg det på kjøkkenbenken og ha over smøret. Rull det samen til ei pølse. No kan du enten legge det kaldt og bruke det dame dag eller ein av dei neste dagane – eller fryse det ned. Ramsløksmøret held seg nokre månader i fryseboksen, endå litt lenger dersom du vakuumpakkar det, og legg det inni ein mørk pose.

Oppskrift på ramsløksalt

Grovhakk eit par never ramsløkblad. Ha dei oppi ein morter – helst av stein, av den typen du får kjøpt på innvandrarbutikkar. Ha i ein neve med grovt salt og ein neve fint salt. Knus ramsløken mot saltet til den er heilt finmalt og har trekt inn i saltet.

Gjenta prosessen dersom du vil ha meir ramsløksalt på lur. Ha ramsløksaltet på glas med lokk, og bruk det i staden for vanleg salt på fisk og kjøtt.

(Visited 2  984 times, 1 visits today)

2 thoughts on “Redningsaksjon for ramsløken

  1. Friluftslova blei endra i 2012, slik at haustingsretten blei tatt med og utdjupa.
    “§ 5.(Almenhetens høstingsrett)
    Under ferdsel i utmark kan allmennheten høste ville nøtter som skal spises på stedet og plukke og ta med seg ville blomster, planter, bær og vill sopp, samt røtter av ville urter, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet.”
    Det er altså lov å plukka ramsløk, og til og med ta med røtene, utan særskilt løyve frå grunneigar. Noko anna er at det kan vera greit å ha løyve om ein har tenkt å plukka mykje, og komma att år etter år…

    • Tusen takk for oppklaringa, Øyvind! Då er sida oppdatert med din info. Men vi er nok einige, ein bør ikkje røske opp rota om ein kan la vere. Eg veit at det er stort press på ramsløkområda i mitt noverande nærområde i Vestfold for tida, ramsløken er veldig trendy, så det er vel uansett lurt å oppmode til måtehald:)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.