Rull inn rullekaka – det er bærsesong!

Rullekake-swissrull-med ferske bringebær og krem med vanilje_1000Når mor mi syns livet byr på små hendingar som det er verdt å markere, hamnar rullekaka – eller swissrullen – som regel på bordet. Aller best er den om du kan fylle den med ferske bringebær eller jordbær.

Heime på kjøkkenet vårt ligg den ei godt brukt kladdebok med ei grøn framside som er litt falma av tida. Men med ein gong eg tenker på rullekaka til mor mi, kjem minna om alle dei gongane ho har diska opp med denne enkle, smakfulle kaka – med sukkerstrø på utsida.

Akkurat kven som fann opp denne kaka, klarer ikkje historikarane å einast om. Trass i namnet swissrull, er det truleg ei austerrisk oppfinning frå slutten av 1800-talet. Men den finns uansett i tallause variantar, med like mange namn – frå Kina til Canada. Spanjolane kallar den «Brazo de gitano», eller «sigøynerarm»…

Det artige med varianten mor mi lagar, er at den har potetmjøl i. Om du følgjer framgangsmåten under, får du ei veldig lett og luftig kake som gjerne kan overnatte på kjøl, slik at smaken av ferske bringebær set seg betre.

Mor mi sin aller beste variant er med bringebær. Ho bruker ofte syltetøy. Eg syns det er fabelaktig å bruke rørte, ferske bringebær rett frå hagen. Til ære for mor mi har eg laga ein krem med ekte vaniljestang, der eg blandar i meir ferske bringebær som utgjer ein liten syrleg kontrast til den søte kremen.

Oppskrift på mor mi si rullekake (swissrull)

  • 4 egg
  • 1,5 desiliter sukker
  • 1 vaniljestang
  • 1 desiliter kveitemjøl
  • 1 desiliter potetmjøl
  • 2 teskeier bakepulver
  • Nokre skeier sukker til å strø på utsida av rullekaka
  • Om lag to desiliter ferske bringebær
  • 1/3 liter kremfløyte
  • Ei vaniljestang
  • To store skeier sukker (gjerne heimelaga vaniljesukker)
  • To desiliter ferske bringebær (hald gjerne av nokre bær til pyntinga)
  • Sette steikeomnen på 170 grader (over- og undervarme).

Finn fram handmiksaren og ein bolle. Ha egg og sukker i bolle visp blandinga til ein luftig eggedosis. Det tar om lag fem minutt på høg fart.

Finn fram eit dørslag. Legg det over bakebollen med eggedosis i. Sikt kveitemjøl, potetmjøl og bakepulver over eggedosisen. Vend mjølet forsiktig inn i eggedosisen med ein slikkepott.

Finn fram eit bakepapir og legg det på eit steikebrett. Bruk slikkepotten til å stryke massen jamt utover steikebrettet.

Steik kaka til den er gyllen brun. Det tar om lag 12-15 minutt – avhengig av varmeutviklinga i steikeomnen. Hald eit auge med kaka gjennom vindauget på steikeomnen.

Finn fram ein rein kjøkkenhandduk (eller bakepapir) og legg den på eit brett. Legg den steikte rullekaka med oppsida ned mot sukkeret. Smør bringebærsyltetøyet jamt ut over den lyse sida av kaka.

Bruk kjøkkenhandduken til å rulle kaka jamt i hop. Det er viktig at skøyten på kaka ligg ned. Du kan gjerne legge den nedi ei form som er stor nok, slik at kaka får støtte – og skøyten av kaka blir liggande ned. La kaka kvile ein halv time i kjøleskapet.

Vask bollen og vispane til handmiksaren, og tørk godt av dei.

No kan du piske kremfløyta med sukker. Fløyta skal vere kjøleskapskald når du startar.

Finn fram handmiksaren. Del vaniljestanga på langs. Skrap ut frøa med ein liten, skarp kniv og ha dei oppi miksebollen, i lag med to store skeier sukker (eventuelt heimelaga vaniljesukker).

Pisk kremfløyta til den blir til krem. Kremen skal vere fløyelsmjuk. Pass på at du ikkje blir for ivrig mot slutten av piskinga, og lagar smør. Kremen skal vere mjuk og god i munnen. Når den vispane set spor i kremen og den held fasongen, er den klar.

Knekk to desiliter bringebær i en liten bolle med ein gaffel. Vend bærene inn i kremen med ein slikkepott.

Skjær rullekaka i om lag tre centimeter tjukke skiver. Legg ei skive på kvar tallerken, og ha kremfløyte med bringebær på toppen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.