Sildekaker med litt sting

Sildekaker med potet- og grønkålsalat_650

Hausten er sildetid. Far min – og tusenvis av andre nordmenn – vaks opp på sild og poteter. Lune, nysteikte sildekaker med ein like lun potet- og grønkålsalat hever desse rimelege råvarene til eit aldri så lite luksusmåltid.

I store deler av mitt vaksne liv hadde eg Youngstorget midt i hovudstaden som arbeidsplass. Nesten kvar einaste dag var eg innom den legendariske fiskehandlar Moe og kjøpte lune fiskekaker.

Etter kvart blei sildekakene favoritten, kanskje fordi dei hadde lit meir sting og fiskefarsen ikkje smakte så sterkt av mjølkeprodukt. For det er velkjent at det er rimeligare for fiskeindustrien å dytte meir mjølk enn fiskefilet i farsen.

Så lenge silda ikkje har den dominerande, tran-aktige (marine) smaken, er fersk sildefilet eit utmerka produkt for vidare forelding. Og bonusen er at du ikkje treng finskjære ut alle små bein. For sildebeina er mjuke, og er ikkje å finne igjen når silda har vore innom ei kjøkkenmaskin med roterande kniv eit par minutt.

På hausten er silda feit og fin, og sig innover kysten og inn i fjordane våre. Bur du nær ein fjord, bør du alltid ro utpå og prøve sildehekla. Når du først treff på ein sildestim, blir fangsten normalt overveldande stor. Du treng ikkje speke silda eller lage tørka og røykt sild for å utnytte denne livsnødvendige råvara for oss kystfolk.

Sildekakene i oppskrifta under er så milde at også den oppveksande slekta garantert ikkje vil spytte ut igjen maten. Men om du vil la sildekakene bli hakket mildare på smak, kan du bytte ut ein tredel av sildefiletane med hyse/kolje eller lyr.

På hausten står også kjøkkenhagen vår full av grønkål, som er ganske bitter før den har fått si første frostnatt.

Oppskrift på sildekaker med potet- og grønkålsalat

  • 500 gram sildefilet
  • 10 gram salt
  • 1 desiliter mjølk
  • 2 store skeier potetmel
  • 1 egg
  • 1 strøken teskei malt svart peppar
  • 1 knivsodd cayenne-peppar
  • 1 knivsodd muskat
  • 5 store skeier (flat)persille
  • 2-3 store skeier smør (til steikinga)

Dersom du vil ha mildast mulige sildekaker, fjernar du skinnet på filetane. Du må gjerne fjerne ryggbeina og (slik fiskehandlaren gjer), men dei vil bli malt i sunder i kjøkkenmaskina. Dersom du lar skinnet sitte på, må du fjerne skjella.

Finn fram ei kjøkkenmaskin med roterande kniv. Ha i sildefiletane, salt, cayenne-peppar, muskat og potetmjøl. Køyr blandinga til ei seig masse, det tar eit halv til eit minutt.

Ha i egget og mjølka mens maskina går. Fortsett å køyre kjøkkenmaskina i eitt minutt.

Finhakk persillen, og bland den in i fiskefarsen.

Varm opp ei steikepanne til middel låg varme. Ha i smøret. Dersom smøret blir brunt, er panna for varm. Då reingjer du panna, og har i nytt smør.

Finn fram ei skei og eit glas med kaldt vatn. Form eggestore sildekaker med den fuktige skeia og innsida av handflata di. Trykk let på kakene, slik at dei er halv annan til to centimeter tjukke.

Steik kakene til dei er gylne. Husk at dersom du steiker kakene for hardt, smakar dei lettare tran-aktig.

Potet- og grønkålsalat med sennepsdressing:

  • Om lag 600 gram gode poteter
  • Om lag 100 gram grønkål
  • Ein halv middels stør rød løk

Senneps- og honningdressing:

  • 1 desiliter god olivenolje
  • 1 stor skei dijon-sennep
  • 1 stor skei grov sennep
  • 1 stor skei eplesidereddik
  • 1 teskei flaksalt/fingersalt
  • 1 teskei honning
  • ½ teskei grov svart peppar

Start med å skrubbe potetene. Kok dei møre i lettsalta vatn. Hell av vatnet og la potetene kjøle seg litt ned. Del dei deretter i eit par, tre centimeter store biter.

Skrell løken og finhakk den.

Skyll grønkålen, tørk av den med kjøkkenpapir og del den i mindre biter. Steik den i litt nøytral olivenolje på middels høg varme i eit lite minutt. Då vil den framleis vere litt spenstig, og grønn og fin,

Finn fram ein bolle. Ha i alle ingrediensane til dressingen. Visp i hop, og vend inn grønkål, poteter og rød løk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.