Slåpetorn-gin på sakte vis

Slåper har gått litt under radaren blant dei som er glade i å sanke og gjere seg nytte av naturens matkammers. Dei små, viltveksande slektningane av kirsebæret og plomma blir ofte brukt til å smakssette brennevinet, for eksempel når ein lagar slåpe-gin.

Du har kanskje sett at Vinmonopolet har britisk “sloe gin” på bestillingslista. Denne drikken kan britane, glade som dei er i gin. Men ingen ting hindrar deg å kopiere dei, dersom du finn slåpetorn-busker i nærleiken.

«I Norge vokser slåpetorn på tørre bakker og i skogsbryn i lavlandet omkring Oslofjorden og videre sørover langs kysten til Kristiansand. Den finnes også på noen få spredte lokaliteter i Rogaland og Sunnhordland», kan vi lese på den glimrande nettsida Urtekildens planteleksikon.

Historikarane har slått fast at den spanske/baskiske likøren patxaran/pacharan – lagd på slåper (endrinas på spansk) – har vore produsert minst sidan 1300-talet. Akkurat kor lenge britane har smakssett ginen sin med slåper er meir usikkert. Men ein veit at det blei vanleg å plante slåpetorn-busker som hekk for å ha ei tydeleg grense på eigendomane allereie på 1600-talet. Så frukta har vore på dei britiske øyer lenge.

Dette med slåpe-hekk er svært smart, spør du meg, for desse buskene veit å stikke seg ut. Buskene er fulle av tornar, og du bør vere godt kledd når du plukkar denne frukta, som er modne på seinsommaren/tidleg på hausten – helst i september.

Dersom du puttar ei slåpe i munnen, vil du kjenne at den er svært beisk, syrleg og skarp i smaken.

Men naturen har ordna litt opp i dette. Dei som har lært meg å finne og plukke slåper langs kysten ved Oslofjorden fortel at bæra blir mindre bitre og meir søte etter første frostnatt. Ettersom fuglane og har skjønt det, og frå då av forsyner seg grovt av slåpene, kan du «jukse» litt. Plukk bæra når dei er så modne som mogleg. Deretter legg du dei i fryseboksen i ein pose. På den måten juksar du fram det søte du er ute etter.

Svært mange oppskrifter på slikt drikke baserer seg på å helle sukker i lag med bæra og spriten frå starten av. Mange britiske bloggarar hevdar at sukker frå starten hindrar spriten frå å hente ut det beste av smak og sødme frå bæra.

I staden tilrår dei å smake til med sukkerlake når bæra har stått på sprit lenge nok. Her gjeld det å finne balansen mellom søtt, bittert og syrleg. Slåpe-gin er ingen likør… Og eit lite råd til sist, slåpe-ginen blir ikkje betre enn ginen du slår over frukta. Bruk gjerne ein gin av godt merke og god kvalitet!

Slik lagar du slåpe-gin («sloe gin»)

Du treng:

  • Eit stort glas med tett lokk og helst gummiring mellom glaset og lokket, for eksempel eit to-liters Norgesglass
  • 600 gram modne slåper
  • Ein liter god gin
  • 200 gram sukker
  • 2 dl vatn

Fjern blad og stilkar frå bæra. Ha dei over i eit dørslag, og skyll dei godt i kaldt vatn. Tørk av bæra mellom to reine kjøkkenhandkle, og hell dei deretter over i ein pose som du minst lar ligge i fryseboksen minst over natta, eller til du vil lage slåpe-gin.

Når du er klar til slåpe-gin-produksjon, heller du bæra over på glaset du har sterilisert. Hell på gin slik at den dekkar nesten heilt opp til toppen av glaset. Skru på lokket.

Sette glaset ein kald og mørk stad i minst tre månader. Vend glaset forsiktig heilt rundt om lag ein gong i veka. Vår første produksjon på dette viset fekk stå 10-11 månader.

Når du ikkje klarer å halde deg lenger, siler du forsiktig av spriten frå bæra gjennom eit klede eller endå betre, gjennom eit kaffifilter, og over i eit reint, stort glas med lokk.

Hell sukker og vatn i ein liten kjele. Varm blandinga til sukkert har løyst seg opp. La sirupen kjøle seg ned.

Hell i litt og litt av sirupen i slåpe-ginen, til du er nøgd med balansen mellom bitter/syrleg og søt smak. Siste gongen vi lagde slik gin, blanda vi i om lag 10 prosent sukkerlake, altså ein desiliter sukkerlake på ein liter slåpe-gin. Men vi prøvde oss fram med nokre store skeier sukkerlake i gongen til vi var nøgde.

No er slåpe-ginen klar til servering. Men hell den gjerne over på nokre fine, små flasker.

(Visited 340 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.