Smaksbombe av røykt skrei

Røykt kolje med bakte poteter- spinat og sprøsteikt bacon_600Lettrøykt kvitfisk høyrer virkelig barndommen til. Men dersom du pimpar opp råvarer av det mest klassiske slaget frå kysten vår, kan du til og med oppleve at tenåringar som verken er fiske- eller grønsakselskarar nesten sleiker tallerkenen tom.

Med jamne mellomrom tar eg turen innom matbloggar-kollega Jørn, mannen bak den flotte sida matogvinnett.no. Jørn er ein jævel på å sette den perfekte vinen til råvarane eg tar med. Og det har blitt ein liten sport å utfordre han skikkeleg med tradisjonelle produkt frå Far min sitt kjøkken.

Lettsalta og lettrøykt hyse/kolje er ein slager både her til lands langs kysten, og ikkje minst på dei britiske øyer. Ein gammal DVD med kokk, forfattar og miljøforkjempar Hugh Fearnley-Whittingstall – mannen som fekk EU til å endre heile fiskeripolitikken sin – sette meg på tanken om at eg kunne røyke litt av den rimelege skreien som ligg i fiskedisken i dei kaldaste vintermånadane. Smoked haddock er vel og bra, men skreien kan og få eit nytt «liv» med nokre timer med rikelege mengder salt og mild, kald røyk.

Oppskrifta under blei sendt til hovudstaden med e-post. Smaksopplevingane som følgde var ei stor overrasking. Vi enda opp med å teste kvitvinar til «rå» kaldrøykt skrei, ein slags salt sushi-oppleving. Hovudretten, med franske gourmetpoteter, lettsalta bacon, spinat og ein lite salt saus, blei ei smaksbombe. Der og då blei nye rundar med kaldrøykt kvitfisk avtalt.

På andre sida av bordet slukte tenåringen i huset all maten på tallerkenen… Og vinen? Det blei ein franskmann frå Alsace.

Oppskrift på røykt hyse eller skrei med bakte poteter, spinat og sprøsteikt bacon

(til fire personar)

  • Om lag 800 gram røykt hyse/torsk etc.
  • 8-10 middels store poteter (for eksempel amandine)
  • 150-200 gram godt bacon (for eksempel tørrsalta)
  • Eit par vårløk
  • Grasløk
  • Litt salt
  • Ein pakke (om lag 400 gram) fersk spinat

Til sausen:

  • Ei stor skei smør
  • 1 stor gulrot
  • 1 selleristang
  • Ein stor sjalottløk
  • 2,5 desiliter kvitvin
  • 2,5 desiliter fiskekraft (usalta, for eksempel frå Jacobs)
  • 1,5 desiliter kremfløyte
  • Safta frå ein kvart eller halv sitron
  • Grasløk
  • Salt og peppar

Sett steikeomnen på 200 grader (over- og undervarme).

Finhakk baconet.

Vask potetene, og kok dei i lettsalta vatn til dei er nesten møre (amandine-potetene trenger litt mindre enn eit kvarter). Hell av vatnet, og la dei kjølne litt, før du deler dei på langs og legg dei på bakepapir i ei eldfast form. Pensle potetene med raps- eller vanleg olivenolje, dryss over salt og bak dei vidare i steikeomnen til dei er gylne på farge og har fått ei litt sprø overflate.

Fjern skinn og eventuelt bein frå dei røykte fiskefiletane. Del fisken i passe store porsjonsstykke, og sett over ein kjele med godt med usalta vatn.

Skrell gulrøtene og sjalottløken, og  hakk dei og selleristanga i små terningar. Halvparten av gulrota skal du legge til side og frese i lag med baconet rett før servering. Resten av grønsakene lar du småsurre i ein kjele i lag med ei stor skei smør til dei er blanke (men ikkje brune). Ha i kvitvinen, kok ned til det halve, ha i fiskekrafta, kok ned til det halve og ha til slutt i kremfløyta og til sausen tjuknar litt. Smak til med salt og peppar, og ha gjerne i ein skvis med ferskpressa sitronsaft. Ha i eit par store skeier finhakka grasløk i sausen rett før servering.

La fisken trekker nokre minutt i det usalta, kokevarme vatnet, i seks, sju minutt, eller til fisken nesten flakar seg.

Fres baconet i ei steikepanna til det er sprøtt. Fjern eventuelt ein del av feittet, dersom du syns det blir for feitt. Ha i dei finhakka gulrotbitane, og fres eit minutt. Ha i finsnitta vårløk og ei stor skei finhakka grasløk rett før servering.

Skyll spinaten. Ha i nokre store skeier vatn i ein kjele. Ha i all spinaten, dryss over salt og vent dei få sekunda det tar før spinaten fell i hop. Då er den klar til servering.

Legg potetskivene i botnen av tallerkenane. Fordel spinat og baconblandinga, legg på fiskestykka og hell litt saus over fisken på kvar tallerken.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.