Smellheit svart peppar-krabbe

Svart-peppar-krabbe-black-pepper-crab-Barmen_1000På hausten kan det bli enorme mengder krabbe i fangsten, litt i overkant sjølv for ein som elskar denne krabaten. Den singaporske svart-peppar-krabben til Lars Barmen er ein perfekt avveksling til loff og majones.

Vi på Far min sitt kjøkken er store fans av Lars, som kjem frå nesten same område som oss på Nordvestlandet. Her i vest klamrar krabben seg fast, og finns i store mengder. Den er også redninga når hummarfisket her på Austlandet ikkje er stort å skryte av.

Kvaliteten på krabben varierer med både forholda på botnen der krabben veks og kor mykje mat den har fått i seg. Med denne oppskrifta er det ikkje krise om krabben har levd på mudderrik botn og ikkje er av topp kvalitet. Sausen er enormt smaksrik.

Oppskrifta hadde Barmen med seg frå åra han arbeidde på hotell i Singapore og Asia. Eg har justert litt på den, fordi eg er svært begeistra for smaken av lime som møter søt soyasaus.

Barmen bruker rikelege mengder med svart peppar. Mengda er kanskje litt overveldande, men heile pepparkorn blir faktisk rundare og mildare i smaken av å bli rista i ei tørr steikepanne. Om du syns mengda blir for heftig, kan du halvere mengda, og likevel få masse smak på retten.

Oppskrift på svart peppar-krabbe

Om lag en kilo med kokte krabbeklør, der du har fjerna skalet på sjølve kloa (altså treng du om lag halvannan kilo med klør

Tre store skeier usalta smør

8 kvitløkbåtar

To store skeier kinesisk 5-kryder (chinese 5 spice powder)

8 store skeier heil svart peppar

1 desiliter østerssaus

1 desiliter kinesisk vin eller tørr sherry

Safta frå ein halv lime

3 store skeier søt soyasaus

Start med å reinse krabben.

Eg pleier å rive det inste leddet frå resten av kloa først. Deretter slår eg passe lett på skalet på sjølve kloa, og den mellomste delen av klørne, slik at du kan rive av resten av skalet etter at krabben er kokt i sausen. Fjern brusken frå mellomleddet.

La krabben stå kaldt mens du klargjer sausen.

Finn fram den aler største steikepanna du har, helst ei skikkeleg stor ei. Sett den på middels varme (utan smør eller olje). Ha i dei svarte pepparkorna. Rist pepparen til det begynner å ryke lett frå panna. Ta panna til sides, og knus pepparkorna grovt i ein morter. Det er opp til deg kor mykje peppar du vil ha i retten. Ved å riste pepparen slik blir den mindre røff i smaken. Men om du vil redusere mengda, er det berre å prøve seg fram.

Fjern skalet og finhakk kvitløken.

Ha i usalta smør i steikepanna. La plata stå på middels varme. La kvitløken surre til den blir mjuk (ikkje la den svi seg, då får den bitter smak).

Bland saman østerssaus, lime, søt soyasaus, vin og kinesisk femkrydder.

Ha krabben i stekepanna, i lag med pepparen. La den surre litt før du har over sausane/vinen.

Rør godt rundt, og la kraben surre eit minutt eller to.

Server krabben med eksempelvis litt koriander- og chilidryss over.

(Visited 173 times, 2 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *