Far min elska brosme. Men den skulle vere lettsalta. Før han gjekk ut av tida, skaffa ein kompis fire kilo filet av beste merke. Halvparten salta eg til far, resten steikte vi og serverte med ein asiatisk dressing – eller saus – som forandra heile smaksbiletet av denne undervurderte fisken.
Dette var sommaren vi nesten regna vekk. Dei har det vore nokre av vestanfor. Vi var invitert «på landet» til veldig gode venner på Lindåshalvøya nord for Bergen.
Minna er sterke frå denne sommaren, for det skulle bli den siste far min fekk oppleve. Han blei eit nytt menneske kvar gong sola tvang regnbyene vekk. Han forbanna den sure nordavinden som sneik seg fram kvar gong sola kom fram. Og han blei nedstemt når verda blei våt som sjøen.
Før vi kom oss heim til far min og mor mi denne sommaren, hadde vi booka oss inn til Lysverket i Bergen for ein kveld vi aldri kjem til å gløyme. Sjølv som godt vaksen vestlending har eg nesten aldri opplevd maken til dommedagsregn. Vindaugsviskarane gjekk på full fart inn mot by’n. Likevel såg vi knapt vegen framfor oss.
Men sjølv den vestlandske pessimisten må innrømme at sola alltid kjem tilbake.
Og denne sommaren landa altså Jørn fire kilo brosmefilet hos ein lokal fiskar. Eg heiv meg rundt og salta nokre av dei finaste stykka av fisken. Tanken på gleda til far min om han fekk eit lite parti lettsalta brosme var stor motivasjon.
Men kva gjer vi med resten av fisken, lurte Jørn på? Eg satt og bladde i ei av bøkene til meisterkokk Bent Stiansen. Der fann eg ein slags vinaigrette eller saus med asiatiske ingrediensar. Vi fann ikkje alt vi trengte i Jørns skafferi, men improviserte oss fram til eit smakeleg resultat.
Fine, stramme filet-stykke av brosme blei steikt brune i panna i olje, deretter ausa over med godt smør. Stemninga rundt bordet blei betre og betre. Sola skein endeleg, og Jørn – som er vinbloggar og får produsert vin med eige merke – fann fram stadig nye godsaker frå vin-skapet.
Dagen (og natta) blei meir enn eit matminne…
Etter at eg fekk påvist diabetes, har vi lagd denne retten tallause gonger med mang slags fisk som er relativt fast i konsistensen, mellom anna lange. Men favoritten er brosme. Brosma har berre godt av sterke smakstilsetningar, som denne sausen.
Den treng ikkje varmebehandling, er perfekt på varme dagar og er rask å hive oppi eit glas med lokk – som du kan ta med ut i det fri, om du vil lage maten under skinande sol.
Etterord: Etter at far gjekk bort, rydda eg i fryseboksen heime hos mor. I nedste skuff fann eg, dessverre, alle pakkane med lettsalta brosme som eg vakuumerte og fraus ned i passe porsjonar. Pappa fekk aldri opplevd brosma frå hans aller siste vestlandssommar…
Oppskrift på brosme med asiatisk saus
- 1/2 dl olivenolje sitron verte
- 2-3 ss limesaft
- 2 ss sesamolje
- 1/4 dl sesamfrø
- 1 ss fiskesaus (fish sauce)
- 1,5 ss soyasaus
- 1 ss siracha-saus
- 2/3 ss Sukrin gold
- 2 ss finhakka persille
- (og eventuelt 1 ss østerssaus)
Finn fram ei steikepanne med non-stick-belegg. Varm sesamfrøa til dei får litt farge, og du kjenner lukta av sesam (men ikkje så lenge at frøa blir svarte).
Bland alle ingrediensane i eit romsleg glas med lokk. Ha i sesamfrøa rett før fisken skal serverast. Skru på lokket, rist godt på glaset og hell over fisken.
NB: Desse råvarene og mengdene er eit utgangspunkt. Smak til sausen. Dersom den er for syrleg, kan du ha i litt meir søtt (for eksempel Sukrin gold). Dersom du kan ete østerssaus, kan du gjerne ha litt av den og.
På Far min sitt kjøkken serverer vi fisken pannesteikt med lettdampa pak choi (asiatisk kål), brokkolini/bini, tomater og eventuelt anna godt frå grønsaksdisken. Du kan og servere ris til, eller mos lagd av poteter eller rotgrønsaker.