Spekesild og spektakulære sjølvmål

Utvannet spekesild med kål- og gulrotstuing og rød løk_650Kvar var du då Tromsø-keeper Bjarte Flem kasta ballen i eige mål? Eg og far min sette nesten både spekesild, kålstuing og potet i halsen då den uortodokse målmannen frå Sunnmøre foræra Sogndal eit høgst uventa poeng i ein av dei mest spektakulære tippekampane i manns minne.

4. september 1988 er ein merkedag for alle oss som har fått tildelt eit «møkkalag» å heie på. Vi er mange som elskar Leeds, Sogndal og andre lag som kanskje har hatt sine oppturar, men minst like mange nedturar – bokstaveleg tala.

Der sat vi, far min og eg, framfor fjernsynet i stova vår på Vestlandet. Tromsø leia (sikkert fortent) 1-0. Ingen ting tyda på at saftkokarane frå Sogn skulle endre på det resultatet. Far min og eg sat som vanleg med spekesild-tallerkenen framfor oss, slik vi i blant gjorde når det var tippekamp. Uvisst kvifor det blei slik, for eigentleg syntes eg at silda var plagsam – med alle dei små beina som kila på innsida av spiserøyret på veg ned i magen.

Men, altså, der sto altså Bjarte Flem – som visstnok spelte med rulletobakkspakka på baklomma – med ballen i hendene. Han skulle kaste ballen ut til en medspelar, men klarte på uforståeleg vis å hive kula i eige mål. Sildebiten som var på veg ned svelget var i ferd med å stanse opp, og føresake kveling. Men både far min og eg blei redda av nokre enorme latterbrøl. Er det muuulig?!!!

Etter det har eg elska sild med kål- og gulrotstuing, (ny)potet og flatbrød!

Men at far min framleis er like glad i (speke)sild, er nesten eit lite mysterium. Sild berga kvardagskosten i fem år under andre verdskrig, og skal ein døme etter historiene til far min, fekk dei til tider overdose av sorten. Men heilt gale kan det ikkje ha vore. I tillegg til å vere svært næringsrik og rik på omega-3, er silda ei god kjelde til vitamin A, D og B12.

Men kor vidt Bjarte Flem ikkje hadde kasta ballen i eige mål om han hadde vore endå ivrigare på spekesilda, skal vere usagt…

Oppskrift på spekesild med kål- og gulrotstuing og nypotet

(nok til seks personar)

  • Berekne om lag ei spekesild per person, litt meir om silda er lita og mager.
  • Finn fram minst tre middels store (ny)poteter per kvinne og mann.

Fjern skinn og bein frå silda.

Legg silda i mjølk eller kaldt vatn eit par timer før servering. Mjølka gjer at silda blir litt hardare i fisken enn om du bruker vatn, men til gjengjeld blir den mindre salt på smaken.

Når silda er vatna ut, kan du sette over potetene. Ha i litt salt i vatnet, men ikkje for mykje, for spekesilda står for det salte innslaget i måltidet.

Oppskrift på kål- og gulrotstuing

  • 3 store skeier smør
  • 3 store skeier kveitemjøl
  • 3-4 desiliter varm mjølk
  • Litt av kokevatnet frå grønsakene
  • Litt malt muskat
  • Salt og peppar
  • 500 gram kålhovud
  • 5-6 middels store/store gulrøter
  • Ei neve fersk (flat)persille

Start med å skrelle gulrøtene, og del dei i ein centimeter tjukke skiver.

Fjern det yste bladet på kålhovudet, fjern den harde og bitre rot-delen, og kutt kålen i tre, fire centimeter store firkantar.

Kok på vatn med litt salt i, og kok grønsakene i maks tre minutt. Hell grønsakene over i eit dørslag, men ta vare på kokevatnet.

Smelt smøret i ein kjele, visp inn kveitemjølet. Spe med litt og litt av mjølka (og etter kvart kokevatnet), til du har ein passe tjukk saus. Sausen bør putre i fem minutt, slik at mjølsmaken forsvinn. Rett før servering har du i grønsakene, og finhakka persille.

Det er godt med tynne skiver av rød løk til silda. Fjern skalet på løken, og skjær den i tynne skiver, og sett dei fram på bordet.

Server spekesilda med nykokte poteter, kål- og gulrotstuing og flatbrød. Mange stader i landet er det vanleg å servere spekesilda med kålrotstappe i staden for kålstuing, og med sylta rødbeter og skiver med rød løk til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.