Speking av rådyrlår

Speking og røyking av rådyrlår_1000Låra frå mi aller første rådyrjakt blei speka på to ulike vis. Det eine låret  blei delvis beina ut, deretter salta/krydra (med salt, einebær og honning) og til slutt surra opp. Spekinga blei gjort i «friluft» i spekerommet mitt. Det andre låret blei salta og krydra på same vis, men speka rundt (utan utbeining).

Speketida blei kortare på det heile låret. Begge blei vakuumert då 30 prosent av vekta var tørka vekk, og prøvesmakt etter nokre veker. Vakuumeringa gjer at fukta som er igjen inne i låra fordeler seg fint.

Smaksdømminga i lag med jegeren som inviterte med på rådyrjakta, samt frua i huset, etterlet ingen tvil:

Låret som ikkje var utbeina var svært lite salt, hadde den naturlege «søtlege» kjøttsmaken rådyret har – og som far min og underteikna har som mål å bevare. Ettersom rådyr er svært magert (mykje magrare enn eksempelvis får og svin), blei kjøttet kanskje litt tørt. Det kunne kanskje vore løyst ved å stanse spekinga ved 25-28 prosent vekttap.

Låret som hadde vore utbeina var hakket meir salt. Framleis ikkje så salt at kjøttet blei skjemt, men heller ikkje så finstemt i smaken som låret som ikkje blei utbeina. Fordelen ved at det er enklare å skjære tynne skiver av rådyrlåret som var utbeina veg ikkje opp for at det utbeina låret hadde eit anna smaksregister.

Ved neste korsveg blir nok rådyrlåra frå Far min sitt kjøkken bli speka utan utbeining! Dersom du er ute etter den reine kjøttsmaken, bør du og vere forsiktig med mengda einebær. Dei er svært særprega og kraftige i smaken.

Oppskrift/framgangsmåte for speking av rådyrlår

Du kan velje sjølv om du vil speke rådyrlåret «rundt», eller beine det ut. Uansett er det ein fordel å fjerne nøkkelbeinet.

Du treng

  • eit rådyrlår på om lag tre kilo
  • nokre skeier honning
  • om lag tre kilo grovsalt (havsalt)
  • 10-15 knuste einebær og 10-15 knuste pepparkorn

Utbeining

Dersom du vil ha ei lår som er lett å skjere opp, kan du beine ut/fjerne lårbeinet og nøkkelbeinet. Då treng du ein skarp kniv, gjerne med bevegeleg blad (eg brukar gjerne ein filetkniv). Fjærn først nøkkebeinet ved å forsiktig skjer deg rundt det.

Skjær deg deretter forsiktig rundt lårbeinet og ned til kneleddet. Kneleddet knekker du deretter over. Nå kan du pakke kjøttet pent i hop som om beinet framleis var der.

Salting og kryddertilsetting

Honning er med på å halde bakteriane vekke, og vil og tilføre spekinga og låret eit snev av søtt. Gni innsida og utsida av låret med honning, legg den i eit reint trau eller balje og sett det kjøleskapskaldt over natta.

Ta opp låret dagen etter. Dekk botnen av trauet med grovsalt. Gni deretter salt inn i kjøttet overalt, vær nøye med å få saltet inn i alle krikar og kroker. Dekk deretter låret godt til med resten av saltet.

La låret ligge i salt i tre døgn (om lag som fenalåret, som bør saltast slik i 0,6 til 1 døgn per kilo).

Etter tredje døgnet fjernar du alt saltet under iskaldt, rennande vatn. Tørk godt av det med kjøkkenpapir.

Dersom du vil gje kjøttet eit ekstra særpreg, kan du fordele litt knuste einebær og pepparkorn.

Pakk kjøttet i hop, og surr det saman med slaktarhyssing. Å gjere dette veldig pent krev kanskje litt trening, men det går fint å surre og knyte ein og ein tråd med nokre centimeters mellomrom. Eg var så heldig å ha ei syltepresse i tre, og stramma denne forsiktig, slik at låret fekk ein fin fasong.

Om du ikkje beinar ut låret, kan du berre hoppe frå krydring til speking.

Modning og speking

Eg lar låret ligge ei vekes tid til modning. Då har det og fått ein fin fasong.

Etter ei veke tar eg låret ut av pressa, og heng det opp til speking ein trekkfull plass der det er 8-10 grader og ikkje alt for fuktig. Etter om lag tre, fire veker – eller når rådyrlåret har mista om lag 30 prosent av vekta – er det klart.

Ettersom rådyrkjøttet er magert, kan du vurdere å berre speke til 25 prosent av vekta er borte.

Til slutt vakuumerer eg låret, og lar det ligge ei veke eller tør før eg smakar på det.

 

13 thoughts on “Speking av rådyrlår

  1. Hei. Er nybegynner (70 ar) og har speket lam og radyr. Har hengt i ca 3 uker etter saltetid. Bra temperatur og luftfuktighet. Vektreduksjon 27-28 %. Ved vakumering, «losner» vakumering etter ett par dager. Posene virker tette. Hva skjer ?

    • Hei, Ulrik! Det du har opplevd skjer visst ikkje heilt sjeldan ved slik speking i aldringstarm. Dersom aldringsposen skulle miste vakuumet, må du vakuumere på nytt. Pass godt på kjøttet under spekinga, spesielt dei første 14 dagane. Ikkje løft, klem og kjenn på posen. La den få fred. Ideelt sett bør det vere mørkt heile tida, i alle fall ikkje sollys. Lampelys er mindre farleg. Lukke til!

  2. Hei. Har fulgt oppskriften nøyaktig. Låret har ligget vakumert i 3′ C i ca 3 mnd. Hvordan kan det sjekkes om alt er ok, eller om noe er «farlig» å spise ? Mvh rådyrjeger.

    • Hei, Hans Bjørn! Du er ferdig med både speking og vakuumeringsperioda? Her må du nesten stole på auget og ikkje minst luktesansen. Så lenge låret luktar godt og du ikkje ser spor etter bakterier/sopp, bør du vere trygg. Mine rådeyrlår er klare no, blei hengt opp ti speking i november og har mista opp mot 30 prosent vekt. Lukke til!

  3. Hei. Takk for svaret! Veldig bra at farminsittkjøkken kan gi direkte råd til en amatør. Er fortsatt litt usikker! Har ikke brukt aldringspose,- kun vanlig tett vakumpose. Og de ligger fortsatt kjølig – ca 3′ C. Har oppstått noen få små luftbobler i en pose? Hvor lenge kan/bør de ligge ? Kan produktet parteres, vaskes med saltlake/eddik, vakumeres på nytt og «modnes» enda lengre ?

    • Hei, Elin! Eg ville røykt det etter at det er surra opp, altså i den delen av prosessen der du er ferdig med saltinga. Låret bør får tørka over natta, slik at røyking «får feste» når du røyker. Lukke til!

  4. Hei. Jeg er førstegangs-speker:-)
    Nå har jeg saltet låret i 3 døgn og før det, var det modnet. Så skal det altså henge og speke i ca 3-4 uker. Kan det henge i kjølerom eller er det for kaldt og ikke trekkfult nok?

    Og hvis man henger det på loftet i huset bør man da ha noe rundt det? Eksempelvis et putevar i bomull eller netting av noe slag for å beskytte mot insekter o.l.? Bor i lavlandet og nær sjøen så ikke så tørr luft utenfor døra om dagen.

    Og til slutt. Det nevnes vakumering i et par uker etter spreking mens andre snakker om 3 mnd. Hva er nødvendig tid for vakumering og hvilken temperatur skal det da ligge i? Har du tips til vskumeringsposer som blir nevnt? Takk for gode råd!

    • Heisan, Per Christian! Det kan vere utfordrande å finne den perfekte spekestaden. Kjølerom utan ventilasjon kan ofte bli litt for «kompakte», og dersom dei har vifter som slår inn i rommet, kan det tørke ut kjøttet for raskt. Dersom du har ein plass på loftet utan alt for masse direkte lys, og bra med trekk, er det fint. Bruk veldig gjerne ein spekepose rundt kjøttet. Slike får du kjøpt mange stader, eg kjøpte mine på Jernia i si tid. Når det gjeld vakuumeringa i etterkant, pleier eg å la kjøttet ligge kjøleskapskaldt og mørkt, gjerne tre månader. Eg kjøper vakuumposer både her og der. Har hatt lite problem med dei frå Jula (meiner dei heiter Menuett). Men eg har og brukt dyrare posar frå nettbutikken til Norsk hjortesenter og, og dei er svært solide.

  5. Hei.gleder meg til og prøve oppskriften din ! Men hvor lenge holder kjøttet etter speking og hvordan oppbevares det ? Kan det fryses ? Mvh mario

    • Hei, Mario! Eg pleier å vakuumere spekekjøttet, enten heile låret, eller i mindre bitar. Då vil fukta i kjøttet fordele seg fint. Det helds eg i mange månader på kjøl. Det hender og at eg frys ned spekekjøtt. Då held det seg lenge, spesielt rådyr, som har lite feitt. Spekematen blir kanskje litt tørrare enn om det var ferskt, men likevel godt. Lukke til!

  6. Hei.
    Jeg la rådyrlåret i salt for 7 dager siden. Jeg har altså glemt å skylle og henge det opp. Hva kan jeg gjøre nå? Legge det i bløtt igjen og så tørke det?
    Håper på svar.

    • Hei, Randi! Det beste er nok å skylle av det, og eventuelt vatne det litt ut igjen. Salta du du låret i sju dagar? I så fall kan det hende det blir vel salt? Nokre dagar i kaldt vatn på kjøl bør gjere susen. Om d har ein ikkje alt for varm stad å tørke låret opp igjen, slik at det får ei tørr hinne på utsida, er fint. Gjerne med ei bordvifte til hjelp! Lukke til!

Legg att eit svar til Ulrik Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.