Steikte fiskekaker og grønsaker med potetmos

Steikte fiskekaker og grønsaker med potetmos_1000Fiskekakene til mor vi har vi slått fast er knallgode. Men dei blir løfta til ein ny dimensjon i lag med potetmos og ikkje minst råsteikte grønsaker frå eigen kjøkkenhage.

Seinsommaren er ei rar tid. Den er full av glede om du kan hauste frå eigen kjøkkenhage eller åker. Samstundes gjev vind og regn det klart at gleda er på lån. Om nokre veker er sommaren historie. Og det er lenge til neste gong sola flaumar over oss, og hagen igjen kan spire.

Derfor skal seinsommaren – og grødene – nytast. Her om dagen kom vi vestfrå med nylagde fiskekaker i kjølebagen. I hagen venta brokkoli, bønner, gulrøter, polkabeter, rød løk og squash. Litt tilfeldig blei desse grønsakene det som hamna i steikepanna og blei steikt nokre minutt i god olivenolje.

Dette måltidet er av dei beste eg har lagd sjølv. Sjølvskryt kjem frå hjartet, og ein burde kanskje halde seg for god til slikt. Men her er det mor mi og kona mi – som steller kjøkkenhagen mest – som fortener rosen.

Oppskrift på steikte fiskekaker og grønsaker med potetmos

(om lag fire porsjonar)

  • 8-10 store fiskekaker eller 12-16 små
  • Om lag 350-400 gram brokkoli
  • Eit par gulrøter
  • Ein liten squash
  • Ein stor rød løk
  • Eit par, tre never bønner, for eksempel aspargesbønner
  • Litt godt flaksalt

Sett over poteter til potetmos til koking, husk å droppe saltet, slik at mosen ikkje blir seig.

Fiskekakene til mor mi pleier eg å surre på svak varme i ei tørr steikepanna til dei er litt sprø på utsida og varme inni (så sant dei ikkje er nysteikte og varme frå før).

Fjern skalet på gulrøter og polkabeter.

Del alle grønsakene i mindre biter eller strimler.

Sett steikepanna på middels høg varme. Her er det ein fordel med ei skikkeleg stor steikepanna, ettersom den skal romme mykje grønsaker. Du kan eventuelt starte med gulrøtene og brokkolien, steike den ferdig, deretter legge desse til side når dei er ferdig, og steike resten av grønsakene, før du blandar alt saman til slutt.

Brokkoli og gulrøter treng lengst steiketid. Deretter har eg i polkabeter, løk, squash og til slutt bønner – i den rekkefølgja.

Grønsakene skal framleis vere sprø og ha ein viss spenst i seg.

Server fiskekakene i lag med potetmosen, som du finn oppskrift på her, gjerne i lag med tomater frå eigen eller andre sin kjøkkenhage.

Her finn du oppskrift på fiskehandlaren min sine fiskekaker.

(Visited 313 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *