Suppe på fenalår og fersk lammekjøtt

Telefonen kom uventa, og var frå ein svensk kompis: ”Geir, någon har kastat resterna av mitt fenalår. Vad ska jag nu göra soppa av?”

Fortvilinga var høgst reell. Før han la ut på si ferd langs norskekysten, på veg over kjølen, hadde eg forklart i detalj korleis han kunne koke kraft på restane av vår orgie i speka lammelår. No sto han altså ein stad på Sørlandet – rådlaus og fenalår-laus…

Alle kjenner omgrepet ”Koke suppe på ein spikar”. Den som måtte ha prøvd, har neppe
blitt imponert over metoden.

Derimot har våre forfedre – og ikkje minst mødre – forvandla vatn og kjøtt til uhyre
velsmakande suppe eller kraft sidan jerngryta blei oppfunne, og kanskje før det.

Denne oppskrifta er ein slager frå min familie, men i tillegg til fenalåret syns eg det gjer seg godt med fersk lammekjøt i tillegg.

Det aller beste er å starte på suppa dagen før servering. Akkurat som med fårikålen, blir lammesuppa betre dagen der på – når smaken får sett seg. Dessutan kan du få fjerna ein del av feittet som det blir godt av når du koker suppe eller kraft på fårekjøt.

  • Restane av eitt ferskt fenalår-skrog – om lag 1 kilo – skjært opp på bandsag eller kjøttsag
  • 1 kilo grytekjøtt av lam (fårikålkjøtt eller bog)
  • Minst 2,5 liter kaldt ferskvatn
  • 8 store poteter
  • 4 gulrøter
  • ½ blomkålhovud
  • 200 gram sellerirot
  • 1 persillerot
  • 1 purreløk
  • Pepar og eventuelt litt salt
  • 1-2 ss finhakka, ferske urter – for eksempel løpstikke eller (flat)persille

Skyll det ferske kjøttet i kaldt vatn og gni godt med fingrane, slik at blodrestane forsvinn. Tørk deretter kjøttstykka med kjøkkenpapir.

Skjær vekk eventuelle feittklumpar av fenalåret.

Legg ferskt lammekjøtt og fenalår-rester om ein annan i ei romsleg gryte (gjerne 10-liters gryte). Hell over kaldt vatn, kok opp og fjern skum. La koke til det ferske kjøttet er mørt, det tar fort halvannan til to timer. Kjøl av, og la gryta stå i kjøleskapet over natta.

Dagen etter kan du fjerne feittlaget som har lagt seg som eit lokk på toppen med sleiv. Dersom du vil ha ei skikkeleg festsuppe, kan du varme opp krafta litt, ta kjøttet ut av krafta – og sile den gjennom eit reint klede. Dersom kjøtrestane frå fenalåret er harde, kan du nøye deg med å bruke det ferske lammekjøtet i suppa.

Skrell alle grønsakene, og del dei opp i passe store biter.

Finhakk urtene.

Kok opp gryta, ha i dei oppskorne grønsakene og kok til dei er møre, det vil seie om lag ti minutt. Smak til med peppar og ha i dei finhakka urtene. Det er sjeldan behov for meir salt dersom du koker kraft på fenalår – som har vore kraftig salta tidleg i spekeprosessen. Tvert imot kan det vere behov for å spe krafta med meir vatn dersom den er for kraftig og salt på smak.

Server suppa med flatbrød eller anna godt, ferskt brød.

PS! Dersom du ikkje har eit fenalår for hand, kan du bruke same metode på lettsalta fårekjøtt (for eksempel lettsalta bog). Då kan du droppe det ferske lammekjøttet, og kanskje redusere mengda vatn du koker kraft på.

PS!! Neste gong du måtte ha eit fenalår-skrog tilgjengeleg, kan du fryse det ned til du skal koke suppe på det.

4 thoughts on “Suppe på fenalår og fersk lammekjøtt

    • Veldig kjekt å høyre at min tidlegare lærar kan finne inspirasjon hos eleven:) Eg forsøker å oppdatere med ei eller to oppskrifter eller innlegg i veka, som regel tidleg i veka eller på torsdager.

  1. Hei.

    Tenkte jeg skulle lage denne til fest i morgen. Hvor mange personer er denne oppskriften ca beregnet på? Jeg skal ha 30 gjester. Har to fenalår-skrog som jeg nå har lagt i kaldt vann 🙂

    • Oi! 30 gjester. Det blir nok triveleg lag. Normalt sett berekner ein om lag 2,5 desiliter som ein suppeporsjon. Dersom fenalårsuppa er hovudretten, ville eg berekna minst ein halv liter per person. Eg vil tru at oppskrifta mi gjev om lag 10-12 rause porsjoner. Så eg ville ganga ut oppskrifta mi med minst tre, og hatt med godt med fersk lammekjøtt og ekstra grønsaker. Dersom fenalåra har vore veldig salte, får du spe på med litt meir vatn. Lurt å vatne dei ut. Om du får litt godt med suppe, er det ingen fare. Nattmat er alltid etterspurt. Og dagen derpå er suppa endå betre. Husk masse godt brød og/eller flatbrød! Og god fest!

Legg att eit svar til admin Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.