Svele utan kniv og gaffel

Gro Harlem Brundtland utløyste eit politisk jordskjelv då ho i 1991 sette til livs ei svele på ferja på Sunnmøre med kniv og gaffel i hendene. Slikt blir ein verken folkeleg eller landsmoder av.

Historia er sann, og fann stad 1. mai 1991. Hendinga blei attpåtil fotografert i lokalavisa. Gro smiler, heilt uvitande om at det å ete svele med bestikk skulle bli omsnakka 20 år seinare som noko litt verre enn å banne i kyrkja i bibelbeltet på Sørlandet…

Sveler er noko bortimot ein nasjonalskatt på Vestlandet, nesten frå sørlandsgrensa og langt oppover mot Trøndelag. På same måte som pinnekjøtet har svela spreidd seg austover, heilt til ferja mellom Moss og Horten – det mest trafikkerte ferjestrekket i heile landet. Dei som er vaksne opp med sveler, kan – i motsetning til Gro – einhands svelegrep, der tommelfinger og veslefinger støtter opp om svela frå eine sida, dei tre andre er plassert på motsett side. For det er den folkelege måten å ete handmat på. Slik gjer dei nok ikkje på Bygdøy, og ferjene tek så korte turar at sal av sveler er
utenkeleg… Så dersom Gro hadde planlagt å nærme seg folket i 1991, oppnådde ho det motsette.

Svela er altså ei rund kake, mindre enn ei pannekake og fyldig og fin – takka vere hjortesalt og natron, som sørgjer for ei solid heving under steikinga.

Dessutan er den trøysta for den som driv ei evig jakt etter ferjer. Alle som har reist langs den langstrakte kysten vår veit at bak neste nes venter det truleg ei ferjekai. Og skal du eit stykke, blir bilturen alltid ein kamp om å rekke fram før bommen går ned. Men når du endeleg er framme, ventar premien; ei, rund fyldig kake bretta over på midten og innpakka i plastfilm, med uanstendige mengder smør- og sukkerkrem imellom. Heilt himmelsk god og mjuk å sette tennene i.

Eller, slik var det i alle fall. For langs kysten, om bord på ferjene, er det ikkje så mange som held liv i byssene og kioskane. I beste fall får du ein simpel kaffiskvett eller ein tvilsam etterlikning av ein kaffe latte til himmelhøg Oslo-pris. Då er det godt å kunne kunsten å steike sveler sjølv, og servere dei akkurat når du vil – utan tanke på ei ferje som du kanskje ikkje ville rekt likevel…

Sveler frå Svelgen (etter oppskrift frå sunnmørsnaboen vår Erna)

(nok til om lag 20 sveler)

  • 4 egg
  • 1 1/2 – 2 dl sukker
  • 1 liter kefir
  • 1 liter kveitemjøl
  • 2 ts natron(pulver)
  • 1 ts hjortesalt
  • 1/2 dl smelta smør

Den enklaste måten å lage røra på er å ha alle ingrediensane i ein stor bolle, og vispe til røra er fri for klumpar. Men du kan og piske saman egg og sukker til eggedosis, og deretter blande i saman resten av ingrediensane. Då får du ei luftigare blanding.

La røra stå og svelle ein halv time.

Varm opp steiketakka eller steikepanna til litt over middels varme.

Heller røra over i ein stor mugge, og hell ut røra på takka til du har ei om lag 15 centimeter stor svele. Alternativt kan du bruke ei stor ause til å helle ut røra på takka eller steikepanna.

Når svelene begynner å boble etter eit minutt eller to, og undersida ser ut til å få fin, gylden steikeskorpe, er du tid får å snu svela, og steike eit minutts tids på andre sida – til svela er gylden brun på denne sida og.

 

 

Server svelene med smør- og sukkerblanding. Den lager du ved å piske saman to delar sukker (for eksempel to desiliter) og ein del smør (ein desiliter) til krema konsistens.

(Visited 595 times, 1 visits today)

2 thoughts on “Svele utan kniv og gaffel

  1. Jeg er daglig bruker av Norges kanskje største fergesamband i daglig antall passasjerer, Nesoddbåten. Jeg elsker svele og kjøper det alltid på MRF-fergene når jeg er på Sunnmøre. Men aldri på Nesoddbåten. De smaker ikke like godt og er katastrofalt dyre. Takk for oppskriften – nå skal jeg teste den ut og sjekke om det er noe ekstra eller ikke de får til på MRFbåtene.

  2. Pingback: Mat og drikke | Matpakke

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.