Valnøtthonning i verdsklasse til osten

Ein ost kan smake vidunderleg på eigenhand. Men med søtt følgje når den nye høgder. Valnøtthonning med aprikos og tranebær er svært enkelt å lage, og held seg godt.

Her på Far min sitt kjøkken har vi svært stor sans for kokk og sommelier Ole Martin Alfsen. I mange år brukte eg steikeomnen hans frå TV-programmet «Kokkelerium» på TVNorge, i kjellaren står framleis kokeplata frå same program, innkjøpt via ein kompis i fjernsynsbransjen.

Ole Martin er ikkje berre ein humørspreiar, han er alvorleg seriøs når det kjem til faget matlaging. Ein kokk av hans kaliber er ikkje redd for å gjere rettane enkle. Oppskrifta hans på valnøtthonning er eksempel på eit ekstrainnslag på ostetallerkenen som hever smaksopplevinga mange hakk.

Valnøtthonningen er fortreffeleg til eksempelvis ein smøremjuk, smakstung Brie eller ein av våre favorittar, osten «Solglad» frå produsenten Himmelspannet i Hemsedal, ein raudkittost ysta på geite- og kumjølk.

Oppskrift på valnøtthonning

  • Eit par never valnøtter
  • 1,5 dl akasiehonning
  • Ein neve strimla aprikos
  • Ein neve tranebær

Rist ein par never valnøtter på middels høg varme i ei tørr steikepanne nokre minutt, men ikkje så lenge at nøttene svir seg.

Varm opp honningen i ein liten kjele, og ha i aprikos og tranebær.

Ha i ei stor skei fersk, finhakka rosmarin i honningen.

Vend inn valnøttene. No er valnøtthonningen serveringsklar.

Denne blandinga held seg i kjøleskapet mange veker i eit tett glas.

(Visited 285 times, 1 visits today)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.