Velsmakande kur mot fiskeangst

Fisk fem dagar i veka kan bli i meste lager for dei minste. Eg gløymer aldri då vi skulle vaske kjøkkenet ein gong i barndommen min, og det raste ut med inntørka fiskerestar innpakka i flatbrød. Det ville kanskje aldri ha skjedd om fiskegratengen sto oftare på bordet?

Far min vaks opp under krigen. Utan sild og anna fisk i ny og ne, hadde familien vår neppe overlevd. Tyskarane skaut etter far min og bestefar dei gongane dei forsøkte å sette garn langs fjorden. Den slags var ”verboten”. Når ein fekk lurt seg ut og fanga fisk blei den ofte lettsalta – og av og til borti ”tungsalta”, slik at den skulle halde seg lenger.

Vi er mange som gjennom heile oppveksten blei fora opp på lettsalta fisk, spesielt brosme og torsk. Heime hos oss var trikset til far og mor å lage ein slags pakke med flatbrød i begge endre, og fisk, potet, gulrot og smør i mellom. Men når maten var blitt kald, freista den lite, spesielt når vi hadde kjensla av å ete fisk åtte dagar i veka.

Her var det altså at vi ungane tydde til trikset med å gøyme maten under respatexbordet, for seinare å snike restane ned i søpla. I blant gløymde vi det siste steget i ”tryllinga”… Og blei avslørt.

I årevis kunne eg ikkje fordra lettsalta fisk. Eg trur vi er mange som har hatt det slik. Men no er eg sjølv far. Og har ein son som verkeleg liker fisk. Så lenge den er beinfri. Å varme ein av dei ferdigkjøpte  fiskegratengane frå frysedisken tar nær ein time. Svigermor skjønner ikkje alltid kvifor eg orker å lage fiskegrateng frå botnen av. Men forklaringa er enkel; heimelaga fiskegrateng med grønsaker og makaroni er forferdeleg godt. Og ein fantastisk måte å få bruke opp lettsalta fisk eller usalta fisk frå frysaren, eller fiskerestar frå dagen før. Dessutan tar ikkje denne oppskrifta stort lenger enn å vente ein time på ein passe grei frossengrateng som min gutunge vel vekk til fordel for den heimelaga.

NB! Dersom du bruker lettsalta fisk, bør du berre huske på at du treng fint lite salt i sausen. Du bør og velje usalta smør i jamninga.

Fiskegrateng i porsjonsformer (nok til fire vaksne)

  • 500 gram lettsalta fisk, for eksempel brosme, eller like mykje fersk fisk eller fiskerestar
  • Ein halv brokkoli, ei stor gulrot og 100 gram sellerirot
  • Ein halv purreløk (eller to, tre vårløk)
  • 2,5 desiliter snarkokt makaroni (den som treng fem minutt koking)
  • 50 gram smør (usalta dersom du bruker lettsalta fisk)
  • 50 gram kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 3 egg
  • 1/4 ts malt muskat
  • 1 knivodd kajennepepar
  • Litt salt
  • 2 (sukker) kavringar (eller eit par never griljermjøl, som du får kjøpt i butikken)
  • Ein stor neve flatpersille eller vanleg persille
  • Litt smør til smøring av formene

Sett steikeomnen på 180 grader (gjerne varmluft). Dersom du har mindre, eldfaste porsjonsformer, kan du bruke desse. Viss ikkje brukar du ei vanleg eldfast form, som du smør inn med smør.

Deretter tar du fatt på å skrelle og reinse grønsakene, og del dei opp i ganske små beter, og slik at dei blir kokt ferdig på likt. Kok opp ein kjele med rikeleg med vatn, ha i grønsakene og makaronien og la den koke i fire minutt (ikkje fem minutt, makaronien blir ferdigkokt i steikeomen). Hell grønsakene og makaronien over i eit dørslag i utslagsvasken, slik at alt
vatnet renn av.

Del purreløken i to på langs, skyll vekk alle rester av jord og sand under kaldt, rennande vatn og hakk den i ganske må biter. Deretter legg du den til side.

Varm opp mjølka i ein kjele til den er lunken.

Ha i smøret, muskat og kajennepepar i ein annan og romsleg kjele, og la kryddera få surre ei lite minutt. På den måten får du fram meir smak frå dei. Ha i kveitemjølet, og visp heile tida slik at jamninga ikkje klumpar seg.  Spe med litt og litt mjølk, og hald fram med å vispe, for å unngå klumpar. La den kvite sausen småkoke under stadig omrøring i fem minutt, slik at mjølsmaken forsvinn. Deretter kan ta den av komfyren, og du sette til sides.

Skil eggeplommer og eggekvitar frå kvarandre. Eggeplommene har du oppi den avkjølte sausen.

Eggekvitane piskar du med vispane på kjøkkenmiksaren til dei er kvite og luftige.

Del opp fisken i ganske må betar. Ha den oppi sausen i lag med dei halvkokte grønsakene og makaronien. Smak til sausen med pepar, litt av den finhakka persillen og eventuelt litt salt. Vend inn eggekvitane forsiktig med ein slikkepott. Fordel fiskegratengblandinga i smurde porsjonsformer eller ei stor form.

Ha sukkerkavringane og flatpersille oppi kjøkkenmaskina med knivblad i, og køyr til blandinga er heilt oppsmula. Strø den deretter på toppen av fiskegratengen.

Gratengen steiker du i steikeomnen i 25-30 minutt, til fisken er heilt kokt. Fiskegratengen blir tørr om den steiker for lenge.

Server med smelta smør og flatbrød, og eventuelt litt ekstra kvit saus.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.