Grisegodt halvgrovt, eltefritt grytebrød

Halvgrovt eltefritt-brød-no knead-bread_1000Dersom noko er for godt til å vere sant, er det som regel slik. Men det gjeld ikkje eltefritt grytebrød, eller no-knead-bread, som det heiter på engelsk. Her kjem den bortimot perfekte brødbaksten lettvint til oss som ikkje er spesielt flinke i bakeriet.

På Far min sitt kjøkken er det mor mi som alltid har stått for brødbaksten. Forsøka på å fiske ut av henne ei oppskrift har vore fånyttes. Ho tar berre det ho har av tørrvarer i skapet og bakar det brødet som forholda måtte legge til rette for.

Så brødbaksten har eg liksom hoppa litt bukk over, sjølv om eg i stadig større grad meiner at godt brød og minst like godt smør kan redde ein kvar middag frå fiasko.

Dette brødet kom springande til meg, nesten, i alle fall. På den årlege låvefesten vi er med på i Numedal, trefte eg for første gong tyske Monica. Over snittet matinteresserte matfolk finn alltid kvarandre. Eg kom til å skryte av det eltefrie brødet hennar. Ho sprang i bilen for å hente oppskrifta. Den var skriven ned med pen handskrift. Ho tenkte kanskje ein eller annan ville spørje henne om oppskrifta.

Året etter fortalde Monica at ho hadde kasta ut mannen av arbeidsrommet, og innreia sitt eige bakeri der ho kunne forske på gode smakar. Tyskaren i Monica seier at det er godt med karve i brødet (men karve er eit av få krydder eg ikkje liker), sprøsteikt løk frå pose er og velprøvd.

Det som kjenneteiknar eit eltefritt brød er at det har ei langt meir vassen deig enn eit normalt brød, og du treng berre røre i det med ei tresleiv. Men det treng altså lang tid på hevinga.

Hennar veldig gode loff er utgangspunktet for denne oppskrifta. Monica bruker mest kveitemjøl og litt fint speltmjøl i sin variant.

Men eg har smakt meg fram til ein litt grovare utgåve som har vore bakt tallause gongar på Far min sitt kjøkken. No er det tid for å dele.

Oppskrift på halvgrovt, eltefritt grytebrød (no-knead-bread)

  • 450 gram kveitemjøl
  • 200 gram grovt speltmjøl
  • 50 gram havregryn
  • 50 gram solsikkekjerner
  • 3 teskeier salt
  • 1 strøken teskei gjær (pulver)
  • 5,5 desiliter lunka vatn
  • Litt rugmjøl (til strekking av deiga)

Finn fram ein bakebolle, og rør i hop dei tørre ingrediensane. Hell over lunka vatn, og rør godt blandinga saman med ei sleiv eller slikkepott. Pass på at alt det fuktige blandar seg med dei tørre bakarvarene.

Dekk over bakebollen med plastfolie (eller plastlokk, om den har det). La deiga stå på kjøkkenbenken, utan trekk, i 12-14 timer. Eg pleier å sette den kvelden før, og steike brødet før frukost.

Legg leirgryta di i kaldt vatn mens du venter på at deiga skal bli klar. Du kan også bruke ei støypjerngryte. Den treng ikkje leggast i vatn.

Når deiga har heva (bortimot) nok, tar du leirgryta opp av vatnet og lar den renne av seg. Sett gryta i steikeomnen mens omnen er kald (elles risikerer du at den sprekk). Sett omnen på 240 grader. Eg bruker over- og undervarme.

Dersom du ikkje har leirgryte, kan du bruke ei jerngryte som har lokk som tåler å stå på høg varme i steikeomnen.

Mens gryta blir varma opp, strør du eit godt lag med rugmjøl på kjøkkenbenken. Bruk slikkepotten til å velte deiga ned på kjøkkenbenken. Strø litt rugmjøl oppå deiga og. Brett deiga inn frå kantane mot midten, og sjå til at rugmjølet dekker deiga.

Sett ein underlag som tåler varme ved deiga på kjøkkenbenken og løft deiga oppi den varme leirgryta. Ha på lokket, og ha den kjapt inni steikeomnen. Steik brødet først i om lag 45 minutt med lokk, deretter i om lag ti minutt utan lokk.

Brødet skal vere gyldenbrunt på farge og sprøtt i overflata. Eg pleier å banke på det for å sjekke om det har den litt «holne» lyden det skal ha.

Vipp brødet ut av leirgryta og legg det på rist utan å dekke det til, slik at det kan kjølne samstundes som det held seg sprøtt.

Brødet held seg godt om lag ein dag, og har best av å bli pakka inn i eit klede mellom kvar gong du skjer av det eltefrie brødet. Her kan du lese oppskrifta på Hanna sitt eltefrie brød.

1 thought on “Grisegodt halvgrovt, eltefritt grytebrød

  1. Grytebrød er en av mine favoritter, pleier å kombinere surdeig og gjær. Takk for fine oppskrifter. Til helga satser jeg på å få tak i fersk sild til sildekaker (til di oppskrift) av Krabbekongen. Hilsen din gamle lærer.

Legg att eit svar til Synnøve Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.