Ta ei nypotet, ta fleire…

I heile oppveksten handla alle måltid om kvaliteten på potetene. Dersom far min ikkje likte konsistensen og smaken på den viktigaste gjesten på tallerkenen, kunne kjøttkakene eller torsken vere så gode dei berre ville.

No høyrer det med til historia at eg har ein far som seier frå når han er misfornøgd. Og han vaks opp under krigen, då poteter – og all anna mat – var mangelvare. Derfor er det vel rett og rimeleg at ein så viktig ingrediens i livet må vere optimal.

Nypoteter er for meg og mange sjølve smaken av sommar. Dei er på topp ei kort stund frå juni, held seg sjeldan meir enn eit par veker etter at dei er pella opp av jorda og treng fint lite koking. Nypotetene treng berre ei ordentlig, men forsiktig, runde i kaldt vatn, men til gjengjeld ein raus porsjon salt i kokevatnet. Gjerne med ei grein løpstikke til.

Enkelte råvarer er så spesielle at dei nærast treng kongeleg velsigning. I Nordvest-Spania blir dei første avlingane av dei små, grøne pimientos de Padrón i Galicia sendt til slottet i Madrid. Her til lands blir nypotetene skippa rett til Drammensvegen 1 for ”godkjenning”.

Heldigvis er det slutt på den tida då finfolk hadde einerett på det beste frå bonden sin åker og utmark. Nypotetene er her, faktisk frå mars til juli, men då snakkar vi strengt tatt og om importerte varer. Sjå etter dei norske. Dei siste åra er dei og marknadsført som ferskpoteter, men sjølv om marknadsførarane stadig kjem opp med fiffige namn, er og blir nypotet omgrepet du finn i Far min sitt kjøkken.

Om kiloprisen skulle vere stiv, så plukk likevel med dei ein svær pose og gå til kassa. Nypotetene er verdt det!

Denne nypotetsalaten er fabelaktig til speke- eller grillmat, enten du har sommarkotelettar eller makrell på grillen, eller går laus på fenalåret.

Potetsalat med senneps- og honningdressing

  • 800 gram nypoteter
  • 200 gram ferske grønsaker, for eksempel reddik, sukkererter, bønner
  • Eventuelt ein liten neve kapers
  • Ein liten neve ferske urter, for eksempel bladpersille, grasløk
  • Litt salt

Vask potetene godt.

Når du skal koke poteter som har lett for å koke i stykker, som nypotet, pimpernell og mandelpotet, koker du til potetene så vidt er møre i lettsalta vatn. Fem til ti minutter er nok. Slå av vatnet, legg over eit reint kjøkkenhandkle og la potetene ”trekke” seg ferdige.

Del nypotetene i passe store biter (ikkje for små).

Dersom du bruker bønner, deler du dei opp og koker dei i lag med potetene det siste minuttet.

Sukkererter og reddik skal ikkje kokast, berre vaskast og delast i skiver.

Dersom du bruker kapers på glass ned store mengder salt, skyller du av saltet og tørker kapersen.

Sennep- og honningdressing

  • 2 ss grov sennep
  • 2 ss flytande honning
  • 1 ss sitronsaft
  • Minst 1 ss bringebæreddik
  • 2 dl nøytral olje, for eksempel rapsolje
  • Salt og eventuelt peppar

Dressinga kan du lage på førehand, den held seg i kjøpeskapet nokre dagar, den må berre ristast igjen før bruk.

Bland alle ingrediensane i eit glas med lokk, rist godt. Smak til med litt salt og eventuelt peppar. Dersom dressingen er for søt, smaker du til med meir sitronsaft og/eller eddik.

Ha poteter og grønsaker i ein bolle. Vend inn litt av dressinga mens nypotetene er lune. Dryss over finhakka urter. Kapersen inneheld så mykje salt at du ikkje treng meir av den slags i salaten.

5 thoughts on “Ta ei nypotet, ta fleire…

    • Godt å høyre, Åse! Med gode poteter kan du variere i nesten det uendelege. Her hos dukker det heldigvis opp stadig noko nytt frå kjøkkenhagen. Sukkerertene er klare, fersk lauk kan haustast, og den smakar intenst godt, spesielt i lag med lune nypoteter.

  1. Tilbakeping: Mat og drikke | Matpakke

Legg att eit svar til admin Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.