Tynnskore, hurtigtørka og eventuelt røykt kjøtt har blitt svinedyr trendmat under det amerikanske namnet «beef jerky». Men faktum er at du fikser biffen sjølv, akkurat slik samar, urfolk og folk flest rundt om på heile kloden har gjort det i uminnelege tider.
Kategoriarkiv: Metodar
Sild og rakfisk på Mexico-reis
Delikatesser frå bakkenivå
Skjerp deg – og ta vare på kniven din
Før eg skyver båten frå land, spør far min meg alltid om eg har med meg kniven. Kniven kan hindre ulukker til sjøs, men det er nesten like viktig at du dagleg tar vare på den kjøkkenreiskapen du garantert får mest glede av i livet. Om du ikkje klarer å slipe kniven sjølv, kjem du veldig langt med eit godt bryne eller slipestål og pent stell.
Fiskehimmel høgt til fjells
«Tokjønna» delikatesse med halvdårleg rykte
Saka er kvalbiff
For dei av som husker radiolegenda Bjørge Lillelien sine berømte ord «Saken er biff», ga ikkje det spontane gledesutbrotet nødvendigvis assosiasjonar til storfekjøtt. Mange av oss har nemleg vore meir vande med å hente biffen frå havet. Grava kvalkjøtt kan vere like smakfullt som spekemat frå sydlege strøk.
Griseherlig sommar som amatørbonde
Saftigaste svinenakken vest for Svinesund
For nokre år sidan visst knapt nordmenn at svinenakken var ein av dei finaste delane av grisen. I staden har dette utmerka kjøttet – med flotte render av passe mykje feitt – blitt skiva opp og grilla nokre minutt til eit ganske seigt resultat som nakkekotelett. Tar du deg tida til å la grillen arbeide for deg ein liten arbeidsdag, kan du heller by gjestane på pulled pork.