Torsken – ein trua nasjonalskatt

Torsken er vår nasjonalfisk. Gjeve evig liv gjennom Thorbjørn Egner sin barnesang og minst skatta som ei av våre viktigaste kulturberarar og eksportartiklar gjennom minst tusen år. Derfor bør du merke deg at deler av torskestammen vår i verste fall kan bli utrydda. Men torsken som sig inn mot kysten i kvart nyår – skreien – har fått eit nytt liv.

Forvirra? Ikkje etter denne avklaringa.

Sjølv om torsken er heilt særprega – med eit lite «skjegg» under haka, kvit mage og flekkete, brunt mønster på ryggen, er ikkje ein torsk alltid ein torsk.

Gjennom heile 1900-talet meinte forskarane at det var forskjell på torskestammane. På 30-talet blei det slått fast at eit bein i øyret til vår vandrande, nordlege stamme, som du kjenner som skrei, og den kystnære arten er ulikt skap. På 60-talet kunne forskarane påvise at desse torskeslaga hadde til dels ulike blodtypar.

Men på 1990-talet kom gjennombrotet. Gjennom DNA-analysar kunne forskar og professor Svein Erik Fevolden og hans kollegaer påvise det mange hadde ant og hevda lenge: Det er forskjell på torskestammane som enten held seg langs kysten heile året, eller vender mot land mellom januar og mars/april frå Mørekysten og nordover for å gyte – og reprodusere seg. Populærvitskapeleg sagt går for så vidt kysttorsken og skreien «til sengs» i lag, men dei nøyer seg med å vake rundt kvarandre…

Under skrei- og torskefisket vinterstid i Lofoten og andre stader DNA-testar Fiskeridirektoratet årleg fangsten. Slik forsking viser dessverre det far min, eg og andre hobbyfiskarar har sett gjennom ei årrekke: Kysttorsken er trua. Den går sjeldnare i garnet eller på kroken. Eigentleg er det gammalt nytt. Allereie på midten av 90-talet slo Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) alarm. Torskestammane langs kysten vår klarer ikkje lenger å gyte og reprodusere seg i same takt som fangsten frå yrkesfiskarar, hobbyfiskarar og ikkje minst turistfiskarar.

Fangsttala frå dei sistnemde gruppene er umulig å få full oversikt over. Men den urapporterte fangsten – ofte «lovleg», andre gonger ulovleg – er stor. Styresmaktene meiner for eksempel at hobby- og turistfiskarane på Sørlandet fangar fem gonger så mykje torsk som yrkesfiskarane.

Betyr det at du skal la trollgarnet og fiskestanga ligge? Kanskje. I alle fall bør du vere klar over at Fiskeridirektoratet sine minstemål for torsk er 40 centimeter lengde sør for 62 breiddegrad, 44 centimeter nord for dette. Sender du småtorsken tilbake ned i djupet, aukar sjansen for at du, eg og alle som elskar torsk kan halde fram med å nyte den i tusen år til.

Men det gjeld altså ikkje skreien, den vandrande torsken som har blitt til ein nesten mytisk skapning i vår eiga kulturhistorie – dei siste tiåra tungt marknadsført som om den var gull frå havet. Og det er den for så vidt. Den glade nyheita er at felles innsats frå fiskarar og styresmakter i både Norge, Russland og andre viktige fiskerinasjonar, har skreien blitt berekraftig, som det så fint heiter. Og frå januar og nokre månader framover vinteren bør alle butikkar med respekt for kundane sine ha fersk skrei i kjøledisken.

At fiskarane – som har vore svært viktige i arbeidet med å stabilisere skreistammen – sit igjen med drygt 30 kroner av ein fiskemiddag på to kilo fisk, ein kilo lever og ein kilo rogn, mens utsalsprisen i hovudstadsområdet er langt over 500 kroner, er ei anna og ganske trist historie…

Er du usikker på kva fisk og sjømat du kan ete med godt samvet (utan at miljøet tar skade av det), bør du tar ein kikk på miljøorganisasjonen WWF Norge sin sjømatguide. Der får du og vite slag du bær vere kritisk til eller bør styre heilt unna.

Og når du set torsken eller skreien på menyen, bør du ære den med ei tilberedning det står respekt av. Torsk innpakka i skinke med spinatsaus og fritert persillerot viser at torsken er så robust at den tåler litt juling i smaksvegen. Men kysttorsken tåler altså ikkje at vi held fram fangsten som før…

Torsk eller skrei med spinatsaus og fritert persillerot

  • 800 gram fersk, beinfri filet frå torsk eller skrei
  • 4 store skiver god skinke
  • Litt fersk timian
  • Salt
  • Eit par store skeier vanleg olivenolje (ikkje extra virgen)
  • 450 gram spinat
  • 1/3 liter matfløyte (eller kremfløyte)
  • 1 stor skei sennep (for eksempel grov sennep eller sennep frå Dijon)
  • Salt og peppar
  • 1 stor persillerot
  • 3 dl soya- eller maisolje

Hent fram fisken i god tid før maten skal på bordet. Sett steikeomnen på 180 grader (over- og undervarme).

Del fiskefiletane i fire. Dryss på litt salt, men ikkje overdriv, for skinka som skal surrast rundt fileten er godt salta. Finhakk litt fersk timian, og dryss litt på eine sida av filetane.

Surr ei skinkeskive rundt kvar filetbit. Dersom skinka ikkje vil henge på, fester du den med ein tannpirkar.

Kok opp fløyta i ein kjele, og la den koke til den tjukner. Ha i sennep, grovhakka spinat og smak til med salt og peppar. Hald sausen varm fram til servering.

Skrell persillerota, og del den i eit par millimeter tjukke skiver på langs. Varm mais- eller soyaolje i ein annan kjele på litt over middels varme. Stikk ei tresleiv ned i olje. Når det boblar rundt treverket, er olje varm nok. Friter eit par persillerotskiver i slengen. Det tar ikkje mange sekunda. Ha skivene deretter over på ein tallerken med kjøkkenpapir, så feittet renn av.

Varm olivenoljen i ei steikepanne på middels varme. Når oljen er varm, steiker du torskefiletane i eitt minutt på kvar side, ha dei deretter over i ei eldfast form og ettersteik fisken i om lag fire minutt. Når fisken flakar seg, er den klar.

Serverfisken med spinatsaus og persillerot.

4 thoughts on “Torsken – ein trua nasjonalskatt

  1. Hei!

    Bra innlegg, nå har jeg anbefalt det på Lesernes VG og du ser det nederst på vg.no

    Er det andre som skriver en god blogg og vil ha mange nye lesere, ikke nøl med å sende en epost til meg på magnea |a| vg.no

    Hilsen Magne i VG

  2. Takk for innformativt og godt innlegg. og ikkje minst oppskrift:o)
    Torsk har eg ete med særdeles godt samvet fram til denne tid, i all min uvitenheit har eg ikkje vore klar over at kysttorsken er truga:o( Torsk står jo og på WWF si grøne liste. Tek det til meg og skal trå varsamt framover!! God helg:o)

Legg att eit svar til admin Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.