Ein munnfull før festen

Får du uventa gjester, eller er du rett og slett litt fysen på fredagskvelden? Då er svaret kanskje krema røykelaks- og rekerøre på minitoast. Det går kjappare å smelle i hop denne appetittvekkaren enn å vente på pizzabodet.

Kombinasjonen av den kraftige røyksmaken frå laksen og den intense ferskost-smaken frå Snøfrisken er heftig – og begeistrar. Du kan eventuelt blande i litt ferskpressa sitronsaft i røra for å heve smaken endå eit hakk. Salt treng du ikkje, det er det nok av i fisken og osten.

Her er handlelista:

  • 100 gram røykelaks
  • 150 gram ferske reker
  • 3-4 ss crème fraîche eller rømme
  • Ein halv pakke Snøfrisk med urter (litt over 60 gram)
  • 2-3 ss urter, for eksempel grasløk og/eller dill, finhakka
  • 1 halvsteikt, fin bagett frå vakuumpakke

Sett steikeomnen på 200 grader, eller den temperaturen som står på pakka til bagetten.

Pill rekene. Skallet kan du eventuelt ta vare på og koke kraft på til fiskesuppe.

Skjær halvparten av røyklaksen i tynne skiver. Resten av fisken grovhakkar du i lag med rekene. Vend laks og reker forsiktig inn crème fraîche eller rømme, Snøfrisk og mesteparten av dei finhakka urtene i ein bolle. Spar litt av urtene til pynt.

Skjær bagetten i ein halv centimeters tjukke skiver på skrå.

Fordel brødbitane utover steikeomnsrista. Steik dei i fem minutt, eller til dei er gyldenbrune og sprø, før du kjøler dei av.

Fordel om lag ei spiseskei med røre på kvar toastbit. Legg ei tynnskåren tynn røykelaksskive oppå røra på kvar brødbit, og pynt med litt urter.

Du kan trygt lage denne røra og steike toastskivene kvelden i førevegen om du vil servere den som ein forrett eller appetittvekkar i lag med eit glas passande kvitvin eller musserande. Då legg du røra og røyklaksen på rett før gjestane kjem – eller du sjølv vil hugge innpå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.