God grillmat blir ikkje veldig mykje betre av å bli marinert. Det viktigaste er ein god rub, eller krydderblanding. Men grillkongen Craig Whitson og vi på Far min sitt kjøkken er einige om at det gjer seg veldig med ein heimelagd, smakfull barbecuesaus.
Svar
Draumen om rosa roastbiff
Kjerleik til alle verdas kje og geiter
Heime på Vestlandet – og elles langs kysten i landet vårt – har geita vore ein av dei viktigaste hjelparane til å halde kulturlandskapet opent og vakkert. Dei klatrar overalt, med nysgjerrig mine, desse skjeggete skapningane. Men dei marokkanske slektningane tar steget endå lenger, dei klatrar til topps og fyler opp tre langs landevegen.