Skagentoast på fine sommardagar

Er det ikkje artig at ein rett kalla opp etter eit av dei finaste områda i Danmark, ikkje er spesielt kjent i landet, og eigentleg er ei svensk oppfinning? Toast Skagen er perfekt sommarmat, men også nydeleg vintertid – når all sjømat er på sitt beste.

Her på Far min sitt kjøkken er vi veldig glad i enkle, små rettar med mykje smak, som kan delast med venner og familie, eller berre nytast i fred og ro.

Livet til den svenske kokkelegenda og folkeopplysaren Tore Wretman (1916-2003) var derimot hektisk. Han fiksa ikkje skulen som ungdom, og hamna 16 år gammal som lærling på den verdskjende restauranten Maxim’s i Paris. Under krigen blei hamna han i London etter eit mislukka forsøk på å kome seg til Sverige. Etter krigen vende han heim til Stockholm og lagde seg eit lite restaurantimperium. Seint i livet selde han alt, og busette seg i Mougins på den franske rivieraen.

Sjølv om Wretman kunne det til tider kompliserte, franske kjøkkenet ut og inn, er altså retten han kanskje er mest kjend for enkel. Ein majonesbasert krem, med reker, peparrot og ikkje minst kaviar (eller i det minst god rogn) – servert med smørsteikt eller rista loffskiver. Men det er ingen grunn til å bruke kjøpe-majones, kjipe lake-reker og den simplaste rogna du finn. Skagentoast fortener det beste.

Tør du kødde med klassikaren, kan du bytte ut halvparten av majonesen med enten gresk yoghurt eller crème fraîche, det ein alternativet langt sunnare enn det andre. Og du kan tilsette litt finhakka, rød løk, som eg syns er fortreffeleg i lag med dei andre råvarene.

Dette er fin-fin delemat, sett fram røra, loffskivene og kaviaren, og la gjestane forsyne seg sjølve. Dei stoggar ikkje med ei skive, kan vi love.

Oppskrift på toast Skagen

(nok til forrett for fire)

  • 400 gram handpilla reker av beste kvalitet
  • 1 dl majones (eventuelt 0,5 dl majones og 0,5 dl gresk yoghurt)
  • Safta frå ein halv sitron
  • 1 ss ferskriven peparrot
  • 50 gram løyrom eller rogn
  • Om lag 150 gram (ein halv, liten, finhakka) rød løk
  • Salt
  • Ein neve fersk dill
  • Fire skiver formloff
  • Nokre store skeier godt smør

Pill rekene, og legg dei på litt kjøkkenpapir, slik at dei får renne av seg væske.

Når det kjem til majonesen, så kan du bruke kjøpemajones, men du gjer deg sjølv – og gjestane – ei stor teneste ved å lage den sjølv. Det er gjort på ei blunks med oppskrifta på hurtig-majones. Og husk at du kan erstatte halvparten av majonesen med enten med gresk yoghurt eller crème fraîche.

Fjern skalet på rødløken, og finhakk mengda du treng. Du kan bruke mesteparten i røra, men gjerne spare litt til å strø på toppen av røra.

Finhakk dillen. Del over ein sitron. Fjern skalet frå biten peparrot du treng, og riv den på finaste holet på rivjernet.

Grovhakk rekene, bland i hop med majonesen, haka dill og rød løk og peparrot, og skvis over litt fersk sitronsaft. Bland røra godt, og smak til med salt og eventuelt litt peppar.

Loffskivene kan du enten steike i godt smør i steikepanna, eller riste i brødristaren, toastjernet eller steikeomnen.

Legg opp skagenrøra med eit fat, med løyrom/rogn, litt rød løk, sitron og fersk dill på toppen, og server med rista/smørsteikt brød til.

1 thought on “Skagentoast på fine sommardagar

  1. Denne skal jeg spare på til sommergjestene (familien) kommer. Eller kanskje unne meg å lage den allerede nå… 🙂 Ser kjempegodt ut!

Legg att eit svar til Lill-Torunn Kilde Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.