Våren er tida då naturen fornyar seg. Opp av jorda kjem det ny planter og vekstar med intense smakar. Men sjølve symbolet på at livet går vidare er vel i første rekke egget.
Svært mange av oss som vaks opp langs kysten på 70- og 80-talet hadde eit mildt sagt ambivalent forhold til fersk fisk. Men jubelen sto i taket kvar gong eg kom heim og fekk plukkfisk til middag.
Husker du korleis vi kjempa oss veg gjennom køa, mellom skrubbsvoltne karer og kvinnfolk som hadde vore litt for lenge ute på byen? Langt der framme lukta det himmelsk godt av bakt potet, kryddersmør, mais og smelta ost.
Eg kan ikkje huske kyllingbryst frå barndommen min. Kylling blei selt ferdig grilla heil eller i lårstykke på Samvirkelaget, og kyllingbrysta på den heilgrilla kyllingen var tørr og trevlete. Det var før eg oppdaga grillspyd med små bitar av kyllingbryst.
Nøff, nøff! Det er ikkje berre lammet som gjer seg godt i påskehelga. Finner du fram ein ytrefilet frå svinet, parer den med litt asiatiske smakar, og lar den godgjere seg steikeomnen på låg varme, kan du til og med nyte fridagen og la tida hjelpe deg.
Det blei sett på som ei skandale at ferdigmat frå europeiske frysematprodusentar viste seg å innehalde hestekjøtt. Heldigvis handla kritikken om at matvareindustrien ikkje fortalde sanninga om ingrediensane. For lite er mørare enn ein hestebiff.
I Nord-Afrika klatrar kje og geiter opp mot himmelen i tre langs vegane – og vandrar lukkeleg inn i solnedgangen. Her heime er det nesten ingen som verdsett dei firbeinte skapningane med skjegg. Men vi fristar gjerne med ei kje- eller lammegryte frå Far min sitt kjøkken.
På Far min sitt kjøkken er det høgt under taket. Vi må gjerne tru at vi nordmenn har skapt alt vi er og trur på utan påverknad frå omverda. Men når vi lagar mangosild, er det ikkje berre mangoen som er importert. Til og med matjessild-tradisjonen er skapt utanfor landegrensene.
I uminnelege tider har vi eksportert skreien i tørka og eventuelt salta variantar sørover til Italia. På Far min sitt kjøkken lar vi den ferske vinterskreien møte litt sommarleg sødme når vi låner litt rød pesto frå Sicilias hamnebyar.
I barndommen med kjentes det som om vi hadde fisk åtte gongar i veka. Men eit av høgdepunkta var dagen derpå klippfiskmiddagen, då restane blei til «plukkfisk». Herfrå er vegen veldig kort til ein velsmakande fiskegrateng med overskotsråvarer frå både havet og kjøkkenhagen.