Uansett kva du har slags råvarer i spekepølsa di, vil kvar blanding utvikle sin eigen særeigne karakter. Så langt er den beste pølsa vi har fått til på Far min sitt kjøkken ei blanding av elg, svin og rådyrhjerte.
Far min og eg har i blant vore heldige på fiske ørret med flott rogn i. Kvar gong har vi snakka om kor godt det ville vore med heimelaga rogn. Ofte blei det med tanken. Men det er det ingen grunn til. Framgangsmåten på denne dyre delikatessa er enkel og sikker.
Det verste med å ha eigen frukthage er kanskje tanken på å la plommer og andre godsaker rotne eller bli fortært av ubodne gjester. Plommemarmelade med sitron, vaniljestang og fersk ingefær kurerer slike scenario.
Eg elskar sjølvfiska, nysteikt fjellørret med nypoteter og rømmesaus. Dessverre står retten alt for sjeldan menyen, sjølv om fiskeforsøka har vore mange. Det er nesten ingen som skriv om fisken som nesten blei landa – og i alle fall ikkje utan å bli ledd av.
Svarten, vi har gløymt å tenke på middag! Ingen fare. Vi har ein kjele full av kokte poteter, gode pølser i fryseboksen og hagen full av grønsaker som må brukast opp. Putt i alt i steikepanna!
Kvar sommar og haust rotnar tallause kilo med eple i hagen vår. Då kjennast det ekstra meiningsfullt å gjere klare store mengder eplemos for vinterlagring i fryseboksen.
Er du i feriemodus, eller rett og slett ikkje ivrig på å diske opp med ein imponerande vanskeleg middag, er fiskepakke redninga. Å varte opp med flyndre, laks, torsk eller kva du vil «en papillote» er enkelt og greitt ein sikker vinnar, særleg med ein fløyelsmjuk fløytesaus til.
Taco er hurtigmat av det mest kommersielle slaget. Men om du vel den langsame vegen til fredagskosen, og lar svineribba få bruke tida den treng til å bli mør som smør, kan det fort komme ein taco-revolusjon i heimen din.
Røykte reker er rasande godt, men sjeldan kost på norske middagsbord. I nabolanda er dette klassisk sommarmat, ein sjømat-luksus som er prisa langt over kokte reker. Men det er ingen ting i vegen for å røyke rekene sjølv – gjerne på ein grill du har god kontroll på.
Det vakraste eventyret om våren? For mange er det nok tida då makrellen svømmer inn i fjordane våre. Med litt flaks skjer det om lag samstundes som nypotetene kan plukkast og sommarkålen er på sitt beste. Då er det tid for å servere nygrilla makrell – med tilbehør.