Eg kan ikkje huske kyllingbryst frå barndommen min. Kylling blei selt ferdig grilla heil eller i lårstykke på Samvirkelaget, og kyllingbrysta på den heilgrilla kyllingen var tørr og trevlete. Det var før eg oppdaga grillspyd med små bitar av kyllingbryst.
Kategoriarkiv: Kjøtt
Svar
Grisegodt påskesvin
Saken er hestebiff
Tomatisert kjegryte under høgtrykk
Billig beef jerky
Middagspølser til minipris
Salme for ovnsteikte svinekotelettar
På Far min sitt kjøkken er det ikkje eit mål i seg sjølv at maten skal vere billig. Men dersom du har god tilgang på rimelege råvarer – for eksempel utmerka svinekotelettar, bør du sende dei innom steikeomnen så lenge som du har tid til. Ovnsteikte svinekotelettar med rotgrønsaker er enkel, billig og knallgod middagsmat.
Lammekjøttbollar frå ein bakgård i Marrakech
Eg har vakse opp i Fåreland. Overalt fantes det lam og sau i oppveksten. Men av ein eller annan merkeleg grunn kan eg ikkje minnast å ha fått servert rettar basert på lammekjøtdeig ein einaste gong. Derfor søker eg til sørlegare breiddegrader for inspirasjon, og kjenner framleis dufta frå dei marokkanske lammekjøtbollane eg ein gong fekk servert frå ein rykande varme tagine.