Søt historie frå ramsalte farvatn

Sjølv noko så tilsynelatande harmlaust som koking av krabbe kan utløyse heftige diskusjonar, der rasjonelle argument ofte viker for det uslåelege; ”slik har vi
alltid gjort det i min familie”.

I min familie har vi tradisjon for det radikale, mellom anna takka vere farmor. Kristina
arbeidde på krabbefabrikk i bygda der familienamnet mitt kjem frå i Sogn og
Fjordane. I det store, raude huset ved sjøkanten blei krabben kokt – eller
rettare sagt stima – i store kar. Visstnok så lenge som i 45 minutt, slik at
krabbekjøttet lausna skikkeleg frå brusken i klørne.

Men det verkelig radikale var nok bruken av sukker i kokevatnet, og ikkje minst at
farmor og co. la ned krabben i boks med rause mengder oppmalt, søtleg
strøkavring nedi mellom og oppå krabben! Sukkeret ble brukt for å framheve
sødmen i krabbekjøttet, som har en tendens til å forsvinne når krabben berre
blir kokt i salta vann eller sjøvatn, som er ganske vanleg.

Farmor og dei andre på fabrikken brukte trykkluft for å blåse ut kjøtte av dei små
klørne og støa. Den som kaster desse delane av krabben slags går glipp av mykje
god mat. Her er oppskrifta på velsmakande krabbe, som det er høgsesong for frå
august og fram til november. 1. oktober er starten for det store  hummerfisket, og meg og mange andre er nesten meir begeistra for bifangsten – krabben:

6-7 liter kaldt ferskvatn

1 stor neve havsalt

1 litt mindre neve sukker

6-8 mellomstore, levande krabber – helst fulle av mat

Ha vannet i en 10-15-liters gryte, saman med havsalt og sukker, og kok opp.

Ha i de levende krabbene når vatnet fosskoker. Skum av det ureine som stig opp mot
overflata, og la vannet koke opp igjen. I vår slekt lar vi krabbane småkoke i inntil
40-45 minutt, dersom vi har store nok krabber i gryta. Mindre enn 20-25 har eg
aldri kokt mindre krabbe.

La krabbane bli avkjølt i kokevatnet. Heller du av vatnet med ein gang, risikerer
du at kjøttet kjennast tørt.

Mange får litt angst av å reinse krabben, ikkje minst fordi dei har høyrt at paven –
på same måte som han i Vatikanet – ikkje er til å spøke med. Men slik går du
altså fram:

Legg krabben oppå skjerefjøla med rygg(skjoldet) vendt ned.

  • Ta eit godt grep rundt småklørne, og vri og dra, slik at støa lausnar frå sjølve
    skallet.
  • Paven (magesekken) er plassert i hovudet, rett bak augene. Denne vesle posen fjernar du ved å trykke den ned med tommelen. Då høyrer du eit knekk, og det som lausnar er paven – som du fjernar.
  • Ta og vekk magesekken og gjellene, som er dei gråbleike, lange ”trådane” som heng på sidene av støa. Resten av innhaldet i krabben kan nytast.

I vår familie serverer vi krabben med loff, godt smør og majones, fordi det er
slik vi alltid har gjort det…

PS! Krabbe er ferskvare. Du kan fryse ned for eksempel heile klør eller innmaten
plassert i godt reingjorte bur (bruk for all del ikkje såpe). Opptininga må
skje over natta i kjøleskapet. Smaken vil ha endra seg vesentleg, til det langt
meir intense. Krabbekjøtte bør då etast same dag som den er opptint.

internettsidene til Fiskeridirektoratet kan du lese meir om reglane for fritidsfiske
av atlanterhavskrabben.

5 thoughts on “Søt historie frå ramsalte farvatn

  1. Tilbakeping: Krabbe i godt selskap | Far min sitt kjøkken

  2. Tilbakeping: Askeladdferd i fryseboksen | Far min sitt kjøkken

  3. Tilbakeping: Med cruisekontroll i krabbekakeland | Far min sitt kjøkken

Legg att eit svar til Paal Svendsen Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.