Kaldrøykt kvitfisk på menyen

Kaldrøykt skrei_600Det verste med tider på året då fangsten er stor og fiskeprisane låge, er at du ikkje rekk å ete all den ferske fangsten du gjerne skulle sett til livs. Men dersom du lettsaltar og kaldrøyker hyse/kolje eller skrei/torsk, kan du førebu deg på ei sensasjonell smaksoppleving – som til og med tåler nedfrysing.

Les meir

Smak av sommar til kaldare kveldar

I løpet av nokre intense veker gror og spirer alt det velsmakande som er sådd i kjøkkenhagen. Det mest sørgmodige er å leve med at store mengder urter faktisk blir ståande til dei visnar fordi eigaren si iherdige kjøkkeninnsats ikkje er omfattande nok. Derfor bør du hauste og gjenbruke mens du kan. Til og med pent brukte vaniljestenger som har vakse fram på varmare breiddegrader kan du forvandle til ekte vaniljesukker.

Les meir

Kylling på grilltoppen

Kylling grillet på ølboks_600Vi som fora opp på sped, halvtørr grillkylling på 70-talet, får eit sjokk når vi møter den amerikanske storebroren – grilla og dampa på toppen av ein avskåren ølboks. Denne smaksbomba frå Sørstatane er vi villige til å adoptere utan reservasjonar, særleg når vi veit at det finns norsk kylling i verdsklasse å benytte oss av.

Les meir